Humlebille (Trichius fasciatus)

Humlebille på tjøreblom
Humlebilla er glad i nektar, og om sommaren og ettersommaren kan du ofte sjå fleire av dei i toppen på tistlar, tjøreblom og andre fargerike blomster. Humlebilla høyrer til billefamilien Skarabider, der også goliatbilla og gullbassen høyrer heime.
Plassering i kart
Utsjånad
Humlebilla har lange hår på heile kroppen, unntatt på vingene og beina. Ho er om lag 9-12 mm lang. Dei er litt gule, og har alltid svarte teikningar på vingene. Humlebilla lurer fienden med å etterlikne ei humle; det er difor ho har fått namnet sitt. Billa er ganske ufarleg, men enkelte skarabider kan vere farlege skadedyr.
Leveområde
Du ser ofte humlebilla i opne blomstrar som skjermplantar, mjødurt og roser. Det er også i desse plantane billa parar seg. Billa flyttar seg ofte frå blome til blome, men er elles ganske trege. Larvane lever gjerne i roten ved, ofte bjørk. Humlebilla er vanleg i heile landet.
-
Humlebille på tjøreblom Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Humlebille på tjæreblom. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Humlebille. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Humlebille (Trichius fasciatus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.