Sidemeny+

Engnellik (Dianthus deltoides)

Posted on 3. jul 2005 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Engnellik

Engnellik er ein fleirårig, spinkel plante i nellikfamilien. Du finn han helst på Austlandet, men i Lærdal veks han mange plassar.

Plassering i kart

Engnellik er antakeleg ikkje så mykje kjend for han er liten og spinkel og gjer lite av seg. Han vert sjeldan over 25 cm høg. Han er fleirårig og har eit godt forgreina rotsystem. Blada er grågrøne, små og lansettforma. Stengelen er svakt greina og blomstrane sit enkeltvis. Blomstrane er sterkt rosa med lysare flekkar inn mot midten av blomsten. Blomstringstid frå juli til september. Likar seg best i tørre enger.

CC BY-NC 4.0 Engnellik (Dianthus deltoides) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2013
Kjelder: Wikipedia