Berggull Erysimum hieracifolium
Berggull
Berggull er ikkje av dei vanlegaste plantane i korsblomstfamilien du kan finne i Sogn og Fjordane. Åkergull er kanskje vanlegare, og det er ikkje lett å skilje dei gule korsblomstane frå kvarandre.
Plassering i kart
Litt om planten
Berggull er ein toårig plante som kan bli opp til 50 cm høg. Stengelen er tettblada og blomsterstanden er kort. Fruktstanden er lang og oppretta skulper på korte skaft. Kronblada er 8 mm og skulpene er 3-5 cm lange.
Veksestad
Berggull likar seg på berg, ur eller tørr bakke. Han er ikkje å finne på det ytre Vestlandet. Han er funnen på Hardangervidda opp til 1265 m. Blomstringstid juni-juli.
-
Berggull. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Berggull Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Berggull Erysimum hieracifolium av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.