Sidemeny+

Vassbruksmiljøet ved Skorsfossen

Posted on 8. jun 2005 by in Arbeidsliv

Her brusar Skorfossen stor og vakker.

Laurdag 26. juni 1993 kom eit historisk opptog ned frå Beitasetane til Skorsfossen. Statsråd Kjell Opseth opna offisielt «Den trondhjemske postvei» etter eit omfattande restaureringsarbeid. Liten og stor var møtt fram, og ikkje minst gledde dei seg over det fantastiske vassbruksmiljøet med vasskverner og sag som også stod der nyvøla.

Plassering i kart

Å hei, kor det durar i kallen,
han vaskar i vatnet og sviv !
Surr-burr- går den knurrande trallen
so vassføyka sprutar og driv !
Stri gjennom sleipe sloket
stryk fossen i heksedans,
og høgt over skovleroket
Ligg skummet i kvervleglans.

(«Ved kvernbekken» av Jakob Sande)

Både vassbruk og veg

Dei som leia reataureringsarbeidet på Postvegen, tenkte heilskap og miljø, og kulturminne langs vegen fekk si oppaanying der det var mogleg. Kvernhusmiljøet i Skor vart eit døme på det, og kulturopplevinga på staden vart med eitt både finare og rikare. Det vart eit av mange særmerkje på vegen mellom Dale og Leirvik der det opphaveleg var 19 karakteristiske steinbruer, milestolpar og kvilesteinar.

Liv ved Skorsfossen

Før i tida var kvernhusfossen gjerne møtestaden i grenda. Karfolket møttest for å mala kornet eller drøfte framdrifta for bryggjinga, og mange gode historier vart til når dei godsnakkast medan dei sat og høyrde kvernakallen durra. Heile 15 gardsbruk hadde hadde rettar til vassbruksmiljøet der det stod fem kvernhus og ei sag som opprinneleg var ei oppgangssag.
Elva frå Markusvatnet var til å lita på; kvar haust var vassføringa rikeleg så her slapp ein venta på lågtrykk og haustbløyter. Skorsmarka ved Solåsen ber tydelege teikn etter kvernsteinshogst, og då skulle truleg kvernsteinane også vere svært så lokalt tilpassa.

Eit kvernhus kan «kje vara evig, veit du

Før krigen byrja kvernhusa å forfalle noko som hadde samanheng med at bøndene fekk tilskot om dei mol kornet på møller godkjende av Landbruksdepartementet.
No vart dei gamle kvernene berre starta opp att når det skulle grovmalast korn til dyrefor eller malt til heimebryggjinga. Så kom krigen, og kvernene kringom vart plomberte av okkupasjonsmakta. Arbeidsøktene og samlingsstundene ved bekken og kvernhusent vart historie – noko som ein hugsa alt det positive med og som ein prata om når ein skulle prata om noko som ein kom på.

Slik virka det

Mange gardar hadde si eiga kvern, og på våre kantar var det knapt ei grend der det ikkje fanst eitt eller fleire kvernhus. Småbekkar og elvesikler vart nytta på beste vis. Demningar og dyttingar vart laga i lier, ved småvatn og vassjuke myrvidder der eit orfall kunne sporast.
Fram til kverna vart så vatnet leia gjennom slok av tre og stein, stokkar og bord som ofte vitna om ressursutnytting og genial tankegang. Sjølve kvernhuset var helst lafta.
Under kvernhuset vart vatnet gjennom renna førd rett inn på dei skråstilte skovlene på kvernakallen. Slik vart kverna driven rundt. Den øvste kvernstein roterte rundt og kornet vart knust mot understeinen som låg fast. Frå ein liten binge rann kornet ned i «auga» på oversteinen, og ferdig mjøl vart fanga opp i mjølkista. Var du ein retteleg god mylnar, høyrde du på lyden om kverna oppførde seg rett og det vart kvalitet på det som hamna i mjølkista.

Fossegrimen

Vasskvernene har historie attende til mellomalderen og avløyste handkvernene som kunne vera eit slit å dra. Frå gamalt av har det alltid vore knytt segner og soger til stundene i kvernhuset. I mørke haustkveldar med buldrande elev og surrande kvernkall like under føtene kunne vera godt å halde seg inne med vonde og gode makter som sveiv i rømdene kring kverna.
Eit par mjølauser på kvernakallen og eit skekekjøtlår i fossen kunne hjelpe mylnaren til både lukke og hell.
Og viktigast av alt – dersom ikkje kverna sveiv med sola, hadde ein grunn til å uroe seg.

CC BY-NC 4.0 Vassbruksmiljøet ved Skorsfossen av annikken_hofsvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Annikken Mjell Hofsvik/Håkon Haukøy 2005
Kjelder: Avis frå opning av restaurert postveg i 1993.
Kommune: Skor