Sauesnuken – fin fjelltopp for fotfolk
I Leirvikområdet er Sauesnuken den mest populære fjelltoppen for trimglade fjellvandrarar. Grunnane kan nok vere at her er lite trasking gjennom tettvakse busk og kratt, og utsynet frå toppen må berre opplevast.
Plassering i kart
Frå Bråstad eller Heggebøen
Mest vanleg er det å starte turen frå skogsvegen på Øvre Heggebø. Her er det berre å følgje vegen mot sørvest oppover lia til han på fjellkanten møter stien opp frå Bråstad. Her går stien i kupert terreng med lett stigning opp til Bråstadstølen.
Går du frå Bråstad, er det lettast å følgje austsida av elva oppover til du er komen litt forbi løa.
Så set du kursen litt meir aust oppover Stølsliåkeren, no gamal eng, før du ved bøgarden kjem inn på stien mot stølen. Vegen opp frå Bråstad er nok brattare og hardare enn frå Heggebøen, for det går raskt oppover, men eine alternativet er ikkje snarare enn det andre.
Utstyr og proviant
Dei raskaste går nok til topps på vel halvtimen, men dei fleste brukar nok ein time til halvannan. Turen til Sauesnuken kan lett leggjast inn som ein del av ein lengre tur som til dømes til Laviksåta eller til Litlelia og vidare til Krakelia eller Heggebøstølane. I så tilfelle bør du ha med litt mat i sekken og absolutt ekstra klede, for det er sjeldan at det er heilt vindstille på toppane her. Lett fjellsko høver godt i terrenget viss det då ikkje nyleg har vore ein skikkeleg regnversperiode.
Bråstadstølen
Vel halvvegs mot toppen på 260 meter over havet, ligg Bråstadstølen. Her kan du gjerne ta deg ein liten kvil og ein sjokoladebit på terassen. Stølsbua er fint restaurert, men har innvendig bevart særpreget frå stølslivet som gjerne tok slutt i mellomkrigstida. I dag vert stølen helst nytta som utgangspunkt for turar i hjortejakta om hausten.
Mot toppen
Etter Bråstadstølen står det att ei skikkeleg brattkneik mot toppen, men er du litt heldig med veret, vert både sveitte i nakken og sprakenåler i leistane fort gløymt når du nærmar deg toppen og kan nyta utsynet mot vest. Og heilt på toppen, ja, då er det ikkje noko som stengjer nokon veg. Så hugs fotoapparatet !
God tur !
Sauesnuken – fin fjelltopp for fotfolk av kristian_hjelmeland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.