Sidemeny+

Salbuelva – nokre kulturminne frå nedre del

Posted on 16. jun 2005 by in Ymse

Foto: Kristian E. Hjelmelandcbn

Steinbogebrua sett frå vest. Legg merke til demninga i bakgrunnen.

Ei vakker steinbogebru og restar av tidleg kraftutbygging er mellom kulturminna du kan finne i nedre del av Salbuelva (Storelva) i Sørbøvåg.

Plassering i kart

Berre ei elv langs nordsida av Åfjorden er så stor at det trengs bru over.
Dette er Salbuelva (Storelva) som renn ut i Sørbøvåg. Elva har eit nedbørsfelt på 16 km², og ei gjennomsnittleg vassføring på 1000 l/s.
Heilt i osen var det før to avløp; det eine mot Vedaneset er no fylt att.

Steinbogebru
4-500m ovanfor osen ligg ei fint murt steinbogebru bygd i 1908. Før denne kom på plass, kunne ein krysse elva på ei enkel trebru noko lenger oppe. Denne brua vart ofte teken av isgang om våren, og då måtte farande folk langt opp i Ønadalen for å komme over. Ein kan enno sjå restar av ein sti langs elva på nordsida.

Tidleg kraftverk på Salbu
Om lag 100 m ovanfor brua ligg ein 4 m høg betongdam. Dette var inntaksdammen til eit lite kraftverk på 50 kW nede ved sjøen. Kraftverket vart bygd så tidleg som i 1909. Dammen er frå 1941, og før den tid låg inntaket ved den gamle trebrua.
Vatnet vart ført i retning kraftverket ved sjøen i ei opa grøft, ca. 300 m lang. Denne gjekk over innmark og var dekt av trelemmar for å hindre lauv og anna rask å tette til. Renna gjekk over i eit slok, ca 40(?) m langt som leidde vatnet inn i ein inntakskum. Derifrå gjekk vatnet i eit ca 18 m langt stålrøyr med 90 cm diameter ned til turbinen. Totalt fall var ikkje meir enn ca. 8m.

CC BY-NC 4.0 Salbuelva – nokre kulturminne frå nedre del av Geir Ulvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Geir S. Ulvik - 2005
Kjelder: Arnold Ulvik (pers. notat)
Kommune: Salbu