Sidemeny+

Min tur til Kjørvika

Posted on 8. jun 2005 by in Landskap

Foto: Alle bileta : Kamilla Systaddalcbn

Utsikten over bøane i Kjørvika.

Kjørvika er ei avsidesliggjande perle attmed Espelandsvatnet. Med store, frodige bøar og vill fuglesong. Ein tur for alle!

Plassering i kart

Vegen til Kjørvika
Eg går opp ein sommardag i juni med strålande ver. Sola står midt på himmelen samtidig som det bles ein mjuk bris. Eg vel først feil stig, og bommar litt på den eigentlege vegen. Eg måtte utøve litt fjell-klatring, men til slutt var eg oppe – med helsa i god behold!

Piknik på bøane
I Kjørvika er det store og frodige bøar med masse skog rundt. Det er fint å bade i vika, og mange fine plassar å ha ein koseleg piknik på. Eg hadde med meg den beste venninna mi og vi tok med oss god mat og brus og satt oss ned å slappa av. Vi hadde med oss kvar sitt sitte-underlag og la oss ned og kvilte middag etter maten. Å ligge å høyre på fuglesongen er verdas vakkraste måte å sovne på.

Dyrelivet
Anten du ruslar ein tur eller berre sitt å slappa av, kan du høyre klår og vakker fuglesong frå lia. Men du må vere stille, for fuglane er veldig lettskremte så dei flyg snøgt om du ikkje er var på foten. Du kan også ta med deg ei fiskestang på turen – i Espelandsvatnet kryr det nemleg med fisk.

CC BY-NC 4.0 Min tur til Kjørvika av kamilla_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kamilla Systaddal, 2005
Kjelder: Kamilla Systaddal og Yngvild Åm Sognnes