Sidemeny+

Lammetun – ei vitjing verd

Posted on 8. jun 2005 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Ole Skagencbn

I vesterveg mot Lammetun

Friluftslivgruppa ved Hyllestad skule er ofte på tur. Sol og sommar eller regn og vind set ikkje stoppar for oss.
Denne gongen besøkte vi Lammetun.

Plassering i kart

Turen
Gjengen starta som vanleg etter skuletid. Vi tok turen til Våge med buss, derifrå sykla vi til vi kom til Lammetun. Då vi kom fram, helste vi på vertsfolk og grunneigarar før vi fann ein rasteplass og tok oss ein velfortent pause.

Bunkersane
Etter vi hadde fått i oss mat, fekk vi med oss to lokalkjende som viste oss rundt i bunkersane; sanneleg var det mange av dei, fleire enn eg hadde trudd. Etter omvisninga, tok vi turen til fjells. Der var vi inne i ei grotte som det var knytta ei merkeleg segn til.

Det vert sagt at …
Det er sagt at ein gong var det ein hund som for inn i fjellgrotta, og dyret kom ikkje oppatt før på øya Selje. Etter det vart vatnet i grotta rekna som heilagt.

Kveldskos kring bålet
Då vi kom tilbake frå fjellturen, åt vi kveldsmat og grilla.
Det var første gong læraren vår smakte marshmallows som var grilla.
Vi gjekk ein tur seinare for å finne ein lun leirplass. Litt om og menn vart det før det var semje i flokken, men dei fleste fann seg godt til rett på ein mjuk plass i lyngen.

Heimturen
Vi sykla frå Lammetun og like til Hyllestad; det var kring 40 km.
På Sørbøvåg tok vi oss ein lang og velfortent pause. Då smakte det godt med is.

CC BY-NC 4.0 Lammetun – ei vitjing verd av annikken_hofsvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Annikken Mjell Hofsvik 2005
Kjelder: Munnlege kjelder