Sidemeny+

Kvernhuset i Systaddalen

Posted on 8. jun 2005 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Torbjørn Systaddalcbn

Vass-sloket til kvernhuset i Systaddalen

Kvernhuset har blitt brukt til å male korn. Når det skal malast, stenger vi av elva og lar vatnet renne steinsloket nedover mot kvernkallen der renna blir smalare og smalare så vatnet skal renne fortare.

Plassering i kart

Elste tider
I elste tider hadde dei ikkje «vasskvern», då brukte dei «handkvern». Det var ein liten kvernstein med eit hol i, med handtak. Å sveive var tungt arbeid. Kanskje var det kvinnene som skulle bake av mjølet, som måtte gjere det. Det var trong for kvern som gjekk med vatn. Etter kvart hadde kvar gard sitt kvernhus, eller saman med nokon som hadde elv i nærleiken.

Gamle tider
Kven som bygde kvernhuset i Systaddalen, er ikkje helt sikkert. Men vi veit at i 1870 budde ein som heitte Gabriel her, og bror hans Hans, budde på nabogarden på Systadgjerdet. Dei andre gardane på Systad var medeigar med bøndene på Espeland om eit kvernhus i Sletteelva . Brørne Gabriel og Hans var i lag om kvernhuset her.

I nyare tid
Det blei skifta sperr og tak på huset i 1920-åra. I 60-70 år har kvernhuset stått falleferdig, men no i nyare tid er huset blitt restaurert av den nye eigaren Øystein Jon Systaddal. Med hjelp ifrå Audun Oppedal har dei byte kvernkallen, kornteine og alt anna treverk inne. Taket og sperra har Øystein bytt sjølv. Dette er sjølvhogga lerk vi finn i Systaddalen. Meininga er at kvernhuset skal verte som i gamle dagar.

CC BY-NC 4.0 Kvernhuset i Systaddalen av torbjørn_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torbjørn Systaddal, 2005
Kjelder: Jonhild Systaddal/Øystein Jon Systaddal
Kommune: Systaddal