Sidemeny+

Gamle minne på Horne

Posted on 8. jun 2005 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Hans Andrè all-rights-reserved

Ein av kvernsteinane

I gamle dagar var det stor aktivitet på Horne. Det var dreiebenk, bandsag og tørke i det nedste huset. I det øvste var det kvern og sag. Det ligg ca. 170m.o.h.

Plassering i kart

Det som var på Horne

På 1900-talet var det ei tørke, dreiebenk, bandsag, sag og kvern på Horne. Alt var drive av elva på Horne. som var ei svær elv. Det var renne ned til vasshjulet til kverna. Vatnet gjekk så vidare til det store vasshjulet med tørka, dreiebenken og bandsaga. Øvst var renna av stein og resten av renna var av tre. Husa må ha vore store, sidan det er så store murar og sidan det er så masse ting i kvart hus.

Tørka
Det vart tørka korn i det nedste huset, der var ei helle der
som var 1,50 m lang og det var eit bål under hella som steikte/brente kornet.
Ei vifte skrapa rundt i kornet slik at det ikkje skule bli svidd.
Vifta var driven av vasskraft.

Kverna

Kornet var ferdig når det kunne delast enkelt på midten. Då vart det frakta opp til kverna, der var det ein over- og under-stein som hadde ein diameter på ca 1,40 m. Kverna var også driven av vatn. På oversteinen var det to hakk i kvar sinn ende av holet. Der var det ei sigle som var av metall. Sigle var ein stang med to metallbitar som stikk ut og står opp i hakka. hakka sto ned på vassjulet.

Horne

Ein gard som har gått i generasjonar sidan 1580. Garden har vore i utvikling sida Hans Horne tok over, då vart saga flytta og fjøsen bygd ut. Når Kjell Horne tok over, vart det bygd eit saghus og saga vart flytta igjen. kverna og tørka har vert ute av drift i mange år og dei vart ikkje brukt meir etter det.

CC BY-NC 4.0 Gamle minne på Horne av hans_horne er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Hans Andrè Horne og John Gerick Bårøy 2005
Kjelder: Hans Horne
Kommune: Horne