Kvernsteinshogging på Rønset
På Rønset kan du finne haugar med kvernsteinsrestar og talrike uthoggingsplassar.
Plassering i kart
I eldre tid
På Rønset finst eitt av dei mest særmerkte fortidsminna i Hyllestad, nemleg ei mengd med slagghaugar etter kvernsteinsbrot, og fleire stader tydelege merke i fjell etter kvernsteinsutvinninga. Kvernsteinsbrot finst det slike restar etter på andre gardar og, m.a. på Myklebust (Nygard) på Hyllestad og på Berge, men ingen stad i slikt omfang som på Rønset. Denne verksemda føregjekk truleg frå tidleg middelalder, då det m.a. vart hogge ut stein til små handkverner. Staden låg lagleg til nær sjøen og tett ved kysten, som vart farleia i eldre tid.
Litt om historia
Kvernsteinshogginga si historie er nærare omtala i ein artikkel av Ottar Rønneseth i Sogneskrift frå Hyllestad, hefte 2 (1977). Ei forlist skipslast av kvernsteinar funnen ved Krabbeskjeret i sørenden av Alverstraumen, er plassert på Hyllestad.
Nokre fakta om kvernsteinane
Fleitalet av dei steinane herifrå er mindre enn 50 cm i diameter – desse varierer frå 23 til 46 cm. Dei mindre steinane er brukt til handkverner, som hovedsakleg vart brukte i husbruk. Dei større steinane er for maskinell bruk, til dømes i vasskverner.
Litt om mat
Gjennom store utgravingar veit vi no relativt mykje om kosthaldet for tusen år sidan. Matemna kom frå åkrane, frå kvegavl og fiske. Dei dyrka bygg, rug, havre og kveite. Bygg var den viktigaste kornsorten før, og vart nytta til brød, graut og skummande og humlefriskt øl. Før det dampande og kokande vatnet kunne ausast over maltkornet, måtte også det knusast- med kvern. Men alle produkt set krav til vidareforedlinga.
Forsvar
Vi ser folk i rørsle, med skinn om føtene, skinn med ull. Lydlaus gange med sverd og spyd slik at dei var vernebudde mot inntrengjarar, mot fiendar, i ein landsdel med rov. Ingen skjold, men med øks i beltet, langspyd og kortspyd, tyrifaklar i hendene, glør i leirkrukkene. -Med eld skal land bergast, trudde dei. Slik fòr hauldane, dei sjøleigande bøndene, for å forsvara eigedomane sine- kvernsteinslandet.
Kvernsteinsvegen
Stabelplassen ved Otringsneset var ein perfekt kai. Mange ulike båtar kom ofte hit og henta store og tunge kvernsteinar.
<b>Kvernsteinshogging på Rønset</b> av er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.