Sidemeny+

Ville blomar i naturen

Posted on 31. mai 2005 by in Planteliv

Foto: Charlotte Nordstrandcbn

Ein vakker vårblom

Ute i naturen finn vi mange ville blomar .
Blant dei har vi kusymre, liljekonvall, kvitveis, løvetann og fiol.
Her får du vite litt meir om kusymra.

Plassering i kart

Kor finn du kusymre

Kusymre( primula vulgaris ) er ei plante som i Skandinavia er knytta til dei vestlege delane, og som derfor passar bra som fylkesblomst for eit av vestlandsfylka. I Noreg finst arten frå Aust-Agder til Nordland. Mens blomen veks også i Danmark,men manglar i Sverige og Finland. Kusymra er fylkesblomsten til Hordaland.

Den gamle vanen

Kusymrene blomstrar tidleg om våren,og på ein måte spelar planten noko av den same rolla på Vestlandet som blåveisen gjer på Austlandet. Og på same måte som med blåveisen, har det vore ein vane at barn skulle ete den første kusymra dei fann om våren.

Korleis har den fått namnet

Namnet kusymre har planten fått fordi blomstringa forkynte at ” No er tida komen for å sleppe kyrene ut på beite ” Det norske namnet på kusymre er kublom. Blomane set enkelvis på hårete stilkar som kan vere ganske korte. Blada er omvendt eggforma som smalnar mot stilken.

Slektningar

I motsetning til den nære slektningen marianøkleblomst , som har ein stengel med fleire blomster, kjem blomsterstilkene med enkeltblomster direkte frå rota. Fruktene inneheld frø som kvart har eit lite vedheng , eit ”elaiosom”, som verkar svært tiltrekkande på maur. Maur henter frøa og frakter dei med seg til tua. På denne måten spreier altså denne planten seg.

Veksestad

Kusymra er ein kystplante som ikkje toler mykje vinterfrost, helst veks han i lauvskog. Derfor ser vi dei i veggrøftene i nærleiken av ein eller anna skog.

CC BY-NC 4.0 Ville blomar i naturen av charlotte_nordstrand er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Charlotte Nordstrand/2005
Kommune: Einevoll