Vasskrig ved Gloppen ungdomsskule
Førebuing
Onsdag 12. mai var det igjen klart for den årlege vasskrigen mellom Firdarussen og avgangselevane ved Gloppen Ungdomskule. Ein krig prega av venskapeleg fiendskap og våte klede. Dette året var også Vestlandsrevyen invitert!
Plassering i kart
Grønrussen la tidleg ein slagplan for korleis vi skulle bekjempre raudrussen. Vakter på hjørna, amunisjonslager, vassballongar, hageslange og til og med katapultar. Alt var planlagd til den minste detalj. I år var det grønrussen sin tur til å «vinne» krigen!
Raudrussen starta med å sende inn èin russ som skulle fungere som «lokkedue» for å tømme amunisjonslagera våre. Ha fekk ikkje gå i fred, men vi heldt oss rolige. Amunisjonen måtte sparast på! Seinare skulle det kome betydeleg fleire raudruss, og då var vi klare for krig!
Det skal seiast at grønrussen har ein fordel i desse slaga, sidan dei har skulebygget tilgjengeleg. Firdarussen henta vatnet sitt frå elva. Som nemnd tilegare var NRK Sogn og Fjrodane invitert for å lage ein liten reportasje om vasskrigen. Den vart vist på Vestlandsrevyen onsdag kveld. Ein flott reportasje som fekk fram gleda, som åpenbart fanst i ungdomane som sprang etter kvarandre med bøtter fylde med iskaldt vatn, på ein glimrande måte.
Offisielt endte krigen som vanleg «uavgjort», men vi veit betre!
-
Familiekrangel. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Vasskrig ved Gloppen ungdomsskule av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.