Vårblomane på Espeland

Engkarse ein våt vårdag
Her på sida kan du finne nokre av dei vakre blomane som finst på Espeland og mange andre stader i landet no på forsommaren. Nokre av dei likar seg på våte plassar, andre på tørre plassar. Eg har tatt med litt av kvart.
Plassering i kart
Engkarse
Engkarsen blir 15-40 cm høg, og veks på våte bøar. Han er mest vanleg å sjå på kysten nord i Trøndelag og blomstrar i mai og juni. Blomen er forma som ein rosett, og blada er finnete med mange eggforma finnepar. Blomen er lys fiolett med mørkare årer og nokre gule pollenknoppar. Kronblada er over dobbelt så lange som begeret.
Latinsk namn: Cardàmine Pratènsis
Raud jonsokblom/Praktstjerne
Blomen blir 30-60 cm høg, og trivst godt i skog, lier og på kulturmark.
Han veks over heile landet, og blomstrar frå juni og fram til august. Stengelen er mjukhåret og ofte raud ovantil. Blada er eggforma og står på ein stilk. Kronblada er raude, med grunt tokløyvde. Blomen er tvebu, og begeret er oppblåst, særlig hoblomen.
Latinsk namn: Melandrium Rubrum
Soleihov/Bekkeblom
Blomen blir 20-40 cm høg, og lever på våte stader over heile landet. Han blomstrar frå mai til juni. Planten har greinete form, og saftige stenglar som er store, med nyreforma blader. Blomen er stor, og har ein djup gul farge. Blomen ber masse pollen, og fruktene er belgkapslar.
Latinsk namn: Xcaltha Palùstris
Engsoleie/Smørblom
Blomen blir 20-70 cm høg, og den lever i skog og på enger over heile landet i månadane juni til september. Den er håret nedantil, og blada er handflikete med femkantet omriss. Dei glatte blada er gule med nokre andre begerblad som ligger inntil krona.
Latinsk namn: Ranùnculus repens
Natt og dag/stemorsblom
Blomen er 10-20cm høg, og trivst i sand, på berg og i kulturjord.
Han veks over heile landet, og blomstrar frå mai til oktober. Blada er eggforma og lansettforma, med store fjørflika akselblad. Kronblada er fiolette, gule og kvite, det er sjeldan at det er nokre einsfarga kronblad. Kronblada er dobbelt så lange som begeret.
Latinsk namn: Viola Tricolor.
-
Engkarse ein våt vårdag Foto: Alle foto: Annikken Mjell Hofsvikcbn
- Raud jonsokblom eller praktstjerne som han også vert kalla.
- Bekkeblom ber også namnet soleihov.
- Smørblom. Kanskje du veit at han også heiter engsoleie?
- Natt og dag eller stemorsblomst.
- Engkarse
- Bekkeblom
- Raud og vakker blome
Vårblomane på Espeland av annikken_hofsvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.