Undulat
Det var ein heilt vanleg dag på Gloppen Ungdomskule. 10A hadde gym ute, og vi var i Jølet og jogga. Etter tre år med mange timar ute i naturen med Svein, har vi vorte observante på naturen rundt oss, og det kan den vesle skapningen være glad for.
Plassering i kart
Plutseleg fekk Øystein Ellingvåg auge på noko uvanleg. Det var ein undulat som hadde forvilla seg ut på ei grein over elva i Jølet. Vi fekk henta kamera og tatt eit par bilete før gymtimen snart var slutt, og vi innsåg at vi faktisk måtte gjere noko for å redde denne stakkars fuglen. For burfuglar har liten sjanse til å overleve ute i naturen på eiga hand. Så to modige elevar, Domantas og Lars, reiv av seg skoa og sette i gong ein redningsaksjon. Lars klatra opp i treet fuglen sat i, og bøygde ned greina den sat på sånn at Domantas, som allereie var godt på veg ut i det iskalde vatnet, kunne få tak i den. Fuglen fekk panikk av alt oppstyret, så den forsøkte å fly vekk frå greina. Undulatar som har levd mesteparten av livet sitti bur, er ikkje av dei beste flygarane, så den hamna på elvebreidda. Den vettskremde fuglen flaksa med vingene, og til slutt hamna den i elva. Domantas skunda seg bort og fanga fuglen opp frå vatnet.
Det var ein risiko å ta, med tanke på helsa til fuglen, men når alternativet er å late den svelte i hel i Jølet, er ikkje ansvarsfulle elevar vanskelege å spørre.
Undulat av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.