Sidemeny+

Trivlege Sogndal

Posted on 2. mai 2005 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Almenningen slik han såg ut før skysstasjonen vart flytta.

Trykk her for å vise videoen Det har blitt gjort ein del endringar i Sogndal dei siste åra, og det kjem til å bli fleire. Alt dette blir gjort for å lage Sogndal til ein trivelegare stad å bu.

Plassering i kart

Utanfor Lægreid Hotell låg Skysstasjonen før, men den blei flytta grunna klager om støy og at den låg veldig vanskeleg til. Dei fleste blei nøygde med at den blei flytta, men enkelte meinte at det blei for langt å gå til den nye skysstasjonen som no ligg til Dalevegen. Då kommunen vedtok at skysstasjonen kunne flyttast, viste det seg at Sogn Billag ikkje hadde nok pengar. Likevel fekk dei stasjonen flytta.
Det var óg mange andre planar for å betre Fjøra i Sogndal, men kommunen gjekk i mot.
– Utrivleg gjort å stoppe ei slik utvikling!, seier Atle Lægreid, hotellsjef på Lægreid Hotell.
– Sogndal har betra seg mykje etter kulturhuset kom. Men det er alt for dårlege tilbod for ungdommen i Sogndal.

I følgje ungdommen i Sogndal har Atle Lægreid rett i det, men dei håpar det blir betre no når Ungdomsbasen er kome. Det er eit fritidstilbod for ungdommar i Sogndal i alderen 13-16 og 16-20 år.

Fleire bustandar i Sogndalsfjøra
Det bur fleire unge folk i Fjøra no enn før. Konsekvensane av dette er då at husa og området blir tatt litt betre vare på. Og fleire budstader er og i vente, på loftet på Bokhandelen og på Meieriet blir det laga leilegheitar.

På kaien
Kaien i Sogndal var ein utriveleg port til Sogndal. Å kome til ein stad der det var ingenting gjorde til at tilreisande fekk eit feil inntrykk av bygda.
No der i mot er kaien blitt ein trivleg plass. Endringane har verkeleg forandra kaien. Men blomar og benkar er kaien ein flott plass, særleg om sommaren. Og i følgje Arne Lærum blir det enda betre der om ikkje så alt for lenge.
– Det kan bli gjort mykje meir på kaien, kanskje ein kafé? Arne Lærum jobbar aktivt med å gjere Sogndal til ein trivelegare plass å bu.

-Sogndal er ei bygd med kommunegrensa til fjorden, men det blir ikkje utnytta så bra som det kunne. Atle Lægreid er ikkje nøygd med kommunen sin innsats for å gjere Sogndal betre.
– Det er planar om å lage park i Sogndal, det er kjempeflott, dersom kommunen tek ansvar.
Eg tykkjer Sogndal er ein triveleg plass, men med mykje forbetringspotesniale. På ein skala frå 1-10, vil eg gje Sogndal
7.

CC BY-NC 4.0 Trivlege Sogndal av albertineaaberge er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Tveit Paulesen, Hande og Stein/2005