Sidemeny+

Storkjøa ved Angedal bru

Posted on 24. mai 2005 by in Landskap

Oscar Indrebø med storkjøa han fekk ved Angedal bru ein gong på 50-talet.

Øyvind Hegrenes fortel om ein gong far hans, Oscar Hegrenes, fekk storaure i elva som renn rett forbi heimen hans.

Plassering i kart

-Far min stod og fiska rett ved sida av Angedal bru. Dette kan vere om lag 50 år sidan. Han fiska ofte her, og denne gongen fekk han på ei stor kjø. Han ropa etter hjelp, for fisken var så stor at han våga ikkje å berge han på land aleine. Søskenbarnet mitt, han Rognald Øvrebø, var på besøk hos oss då. Han sprang bort i kjellaren for å finne eitkvart til hjelp. Han såg etter ei bøtte, men fann ingen som var ledige. Då treiv han ei bytte med grisemat, tømde innhaldet ut, skylde bøtta og sprang til elva. Fisken vart berga med hjelp av Rognald med ”håven”. Fisken vog om lag 1.5 kg. Eg har ikkje høyrt om større fisk som er teken her i elva.

CC BY-NC 4.0 Storkjøa ved Angedal bru av Reidar Eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Reidar Eide 2005
Kjelder: ØyvindHegrenes
Kommune: Angedal