Steinansiktet i Løland Leir

Steinansiktet i berghammaren
Det er litt rart å stå midt inne i ein militærleir frå siste verdskrigen. Slik også når du kjem til restane og ruinane etter Løland Leir. Du vert litt stille, fylt av litt spenning og gru kanskje. For her er du ikkje i ei fantasiverd. I ein periode for vel 60 år sidan var livet i og ved Løland Leir verkelegheita for mange menneske.
Plassering i kart
Minne frå krigen
9. april og 8. mai krigsutbrotet og frigjeringsdagen vart spesielt markert våren 1990.
Og det var naudsynt, for krig eksisterer ikkje berre på video, og nazistane sine gjerningar, haldningar og symbol frå krigsåra må framleis vekkje gru og avsky.
I Heim og Skule, nr. 2 1990, kan du finne denne teksten.
Andlet i bergvegg
Folket i grendene våre merka krigen. På det meste var det 500 600 tyske soldatar stasjonerte i kommunen vår, og nær på 120 brakker vart reiste.
Ved Løland bru låg ein tysk vakt- og observasjonspost. I dag finn ein berre att murar i leiren, men ei forvitneleg oppdaging kan vakne auge gjere. På ei side av ein liten hammar er det eit andlet hogge inn.
Kvifor ?
Mangt kan røre seg i sinnet når ein ser dette andletet og let tankane gå vel 60 år attende i tida. Kven gjorde dette ? Kvifor vart dette gjort ?
Slik er ei soge om dette steinansiktet:
Soldatgrav ?
Ved eit høve var det ein tysk soldat som mokom i denne leiren. For nokre soldatar var dette eit tungt tap av ein nær og vel omtykt kamerat, for venskap kan vel eksistere og styrkast i krig i framandt land
Berre ei vandrehistorie ?
Soga seier vidare at soldaten vart gravlagt i leiren ved Løland bru, og i sorga etter dette tapet av ein god kamerat, hogg ein av soldatane inn dette ansiktet i hammarslaget.
Den dag i dag kan vi sjå det: alvorsamt, noko tomt og nedtyngt av sorg.
På ekskursjon i leiren
Bakgrunnen for denne fortellinga er ei rusletur gjennom landskapet eg hadde saman med Einar Sognnæs og nokre ungdomsskuleelevar midt på sytti-talet. Noko seinare fortalde naboar til leiren om lag same soga til andre elevar på leiting etter fakta kring steinansiktet i Løland Leir.
-
Steinansiktet i berghammaren Foto: Alle foto: Håkon Haukøycbn
- Ein god traktorveg fører inn gjennom leiren ved Løland bru.
- Ruinane etter brakkeleiren får du snart auge på.
- Eit lite krypinn vart seinare også bygt i leiren.
- Men det er murane etter krigsbrakkene som dominerer.
- Og viss soga er sann, ligg grava ved denne bergveggen.
- Der ein kamerat hogg inn dette steinbiletet.
Steinansiktet i Løland Leir av kristian_hjelmeland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.