Sidemeny+

Stadnamnkaféen -elevbedrift ved Angedalen skule

Posted on 25. mai 2005 by in Pedagogikk

Foto: Reidar Eideall-rights-reserved

-Ein vaffel, sjokolade og saft, det blir 17 kroner, takk!

Dette er ei elevbedrift som har vore verksam på skulen sidan 2000. Elevane i 6.og 7.-gruppa er dei ansvarlege for planlegging og gjennomføring. Responsen og interessa frå bygdafolk og andre er stor. Fleire tek seg endåtil fri frå jobben ei stund for å vere med på kaféen.

Plassering i kart

Bakgrunn
Angedalen skule har i fleire år drive Stadnamnprosjektet. Dette prosjektet har som hovudmål å ta vare på dei gamle namna rundt om på gardane, i utmarka og på fjellet som før var i dagleg bruk.
For å gjere stadnamnmaterialet betre tilgjengeleg for born og vaksne, har vi nytta fotografi i tillegg til og i staden for kart
Pr. juni 2005 er det lagt inn 2741 namn på 340 bilete berre frå Angedalen.

Mål
·Skape ein møteplass der unge og eldre i bygda kan møtast til sosialt samvær med kulturelle innslag
·Å løfte fram lokale kulturminne
·Lære å samarbeide
·Lære å ta ansvar
·Bygge sjølvkjensla til den enkelte elev.

Alle namn, bilete og informasjon elles er ordna i ein database lagt ut under denne internettadressa: http://www.automatisering.no/web2/ .
Unge og eldre, skule og heim, grend, kommune og fylkesarkiv har samarbeidd om prosjektet.
I tillegg til plasseringa, har vi samla kunnskap om bakgrunn og historier knytte til namna.
Som ein viktig del av prosjektet har skulen arrangert ?Stadnamnkaféar? for elevar og bygdefolk. Dei eldre i bygda har vore spesielt inviterte.

Omfang:
6. og 7. årssteg driv elevbedrifta, i år 16 elevar. Vi har hatt frå 4 ? 8 samlingar i året, dette skuleåret vart det 4. Samlingane vert arrangerte i skuletida. Kaféane har slått an i bygda. Vi har som regel eit frammøte på 30 ? 50 personar utanom dei omlag 40 elevane våre.

Gjennomføring:
Angedalen skule er ein fådeltskule der 6. og 7. årssteg er samla. Ved skulestart om hausten er det klassen som avgjer om dei vil ha elevbedrift det året. Vi har val av leiar og styre.

song og musikk I tillegg til sal av vaflar, kaffi/te/saft, m.m., har kafésamlingane alltid programinnslag innanfor musikk, drama eller dans. Innslaga kan vere knytte til stadnamnprosjektet, eller elles vise kva vi har lært og er opptekne av på skulen. Samlingane har også ofte hatt ein ?fagleg? del, som gjerne har bestått i at eldre har fortalt om emne innanfor fagområdet, (t.d. støylsdrift, hjortejakt), eller elevar fortel og viser innsamla namn på «sin» gard eller i sitt nærområde.

Fjellatlas.no
Siste året har skulen delteke i Fjellatlasprosjektet i regi av Fylkesarkivet. På kafédagane har vi marknadsført prosjektet. Elevane har t.d. på ulikt vis hatt etterarbeid og sett saman powerpointpresentasjonar av turar og kulturminne knytt til desse.

CC BY-NC 4.0 Stadnamnkaféen -elevbedrift ved Angedalen skule av Reidar Eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Reidar Eide, 2005
Kjelder: Kjersti V. Eide, nov. o4 Prosjektrapport, entreprenørskap
Kommune: Angedalen skule