Sidemeny+

Sognneskollen – ei perle ved havet

Posted on 31. mai 2005 by in Landskap

Foto: Ingunn Sognnesall-rights-reserved

Utsyn innover Sognefjorden

Heilt ytst i Sognefjorden ligg eit karakteristisk, kjegleforma fjell, nærare bestemt Sognneskollen. Kollen er mellom dei utvalde turløypene til Hyllestad idrettslag og er mykje besøkt.

Plassering i kart

Kva gjer Sognneskollen spesiell?

Det som gjer Sognneskollen så spesiell, er nok den vakre og sjeldsynte utsikta. Allereie før du byrjar å gå, kan du sjå rett ut i havgapet. På vegen opp kan du stogge fleire plassar ved stigen og berre nyte utsikta og samtidig ta ein kvil. Og når du kjem opp, må du verkeleg ta deg tida til å sjå deg omkring. Fjellet er ikkje høgare enn 515 m.o.h, men utsikta er det allikevel ingenting å seie på.

Namngjeving

Medan vår tids skrivemåte må ta utgangspunkt i den lokale skrivemåte, er den og nytta til å forklare tydinga på gardsnamnet. Førestavinga har i følge språkgranskarane ikkje noko med Sogn å gjere, slik det er lett å tru slik fjellet ligg til. Dei meiner det er meir sannsynleg at førestavinga kjem av gudinna Saga, nemnt i Snorres Edda. Det er og rimeleg at dette gudinnenamnet kjem av verbet å sjå. Gudinna er dermed «ei som ser.» Dette kan jo høve godt med at det er ei guddommeleg utsikt langt utetter Sognesjøen.

God parkeringsplass

For å komme til Sognneskollen må du køyre ut mot Ryskjedalsvika, og når du kjem dit, berre held du fram med å køyre der det er skilta ut mot Sognnes. Når du har køyrt så langt som råd er, det laga til ein fin, god snu-/parkeringsplass der. Set ifrå deg bilen der og gjer deg klar for oppturen. Det er lurt å ha med støvlar, for det kan vere nokså vått på veg opp. Det er ein godt merka stig, og det er så å seie vanskeleg å gå seg vill så lenge du går opp ein dag med klårt, fint vêr.

Dyrelivet

Kjem du deg opp tidleg ein godvêrsdag om sommaren, kan du kanskje komme over eit rypereir med ungar så mjuke og fine. Ja, dyrelivet på Sognneskollen er rikt. Medan du køyrer ut mot Sognnes, hender det ofte at du kan sjå hjort på vegen, og heile vegen opp høyrer du fuglesong. Det er også mykje ekorn her som klatrar i tretoppane. Turen opp tek frå ein til to timar; det kjem an på i kva tempo du går. Dei som joggar, rekk kanskje både opp og ned på ein time.

Kleberfjellet

Når du nesten er oppkomen, møter du fjellkjeda som ligg i sørøst enden av fjellet. I det fjellet er der kleber. Kleber er ein grå til grønleg bergart som består av minerala talk og kloritt. Denne bergarten er så mjuk at det går an å skjære i han med kniv. Den er metamorf(omdanna) og har opprinneleg vore olivinstein eller liknande. Du finn han over store delar av Norge og er tidlegare brukt til å lage gryter, vevlodd og steinsøkkje av; brukt som bygningsstein for eksempel i Nidarosdomen og i peisar. Men det som er av kleber i Sognneskollen, er for lite modna og går ikkje an å bruke til noko før om eit par tusen år – i følge ekspertane.

Fellesturar før i tida

Før om somrane då det var fint vêr, slo folk frå Sognnes seg saman med folk i frå Indre- og Ytrefjorden, som gjekk under namnet fjordingane, for å gå på Sognneskollen. Både den yngre og eldre generasjon var med. Dei gjekk som regel opp den gamle stigen som går opp i vestenden av fjellet. Denne stigen er ikkje den same som er merka i dag. Den gamle stigen er no vanskeleg å finne att så tilgrodd som han er. Dei hadde med seg mykje rart opp: mylse, rømmegraut, grammofon og kaffi eller anna drikke. Dei tilbrakte nesten heile dagen der når dei først var komne opp.

CC BY-NC 4.0 Sognneskollen – ei perle ved havet av yngvild_sognnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Yngvild Sognnes-2005
Kjelder: CAPLEX nettleksikon www.caplex.no, Munnlege kjelder:Ingeborg Sognnes, Hyllestad bygdebok-Soga om folket
Kommune: Sågnes