Sidemeny+

Robba – ruvande og romantisk

Posted on 31. mai 2005 by in Landskap

Foto: Alle bilete: Joakim Systaddalall-rights-reserved

Utsyn mot Robba

Robba er eit nydeleg fjell som ligg på grensa imellom Hyllestad og Høyanger. Det er ikkje så høgt, men det er ei utruleg utsikt når du står på toppen; eit fjell alle burde oppleve.

Plassering i kart

Korleis kjem eg meg til Robba?
Når du skal på Robba, er det mange vegar du kan gå. Dei mest kjende er Espelandvegen og Lavikdalvegen. Denne artikkelen handlar mest om vegen frå Espeland. Velgjer du å ta Espelandvegen og kjem frå Hyllestad, er det berre å køyre mot Åfjorddalen, deretter Rv 57 mot Dale, og du tek av med eit skilt der det står Espeland. Deretter køyrer du til vegen til endes, og går over ein liten bø. Derifrå er det lett å finne fram. Det er god plass til parkering nede ved eit kvitt hus.

Merking
Det er merking nokre stader på vegen, men ikkje over alt. Elles er stien godt trakka, og vegen lett å finne. Går du litt utafor stien, er det lett å komme innatt på.

Utstyr
Når du skal på Robba, treng du ikkje så mykje utrustning. Ta gjerne med deg ein eingongsgrill, for det er fullt i berg du kan sitte og kose deg på. Er det veldig dårleg ver, er det kanskje lurt med støvlar, men fjellsko eller joggesko er heilt fint til denne turen.

Kven eignar denne turen seg for?
Denne turen høver for alle. For både born, vaksne og eldre. Du treng ikkje vere i så veldig god form for å ta denne turen, for det går an å ta det roleg i bakkane. Det er fin plass på toppen til å la borna springe frå seg mens du tar deg ein liten pause.

Tid
Turen opp på Robba tek 1 til 2 timar viss du går i vanleg rusletempo. Om du joggar eller går fort, treng det sjølvsagt mykje mindre tid. Turen nedover tek ikkje så veldig lang tid. Er du ung og sprek kan det vere fint å jogge ned, men pass på at terrenget kan skifte.

Korleis er vegen opp?
Vegen opp er ganske fin. Det er ikkje så mange store stigningar, og du kan gå igjennom ein fin bjørkeskog. Det er ein slags opning i trea på vegen opp, der det er heilt nydeleg å sitte å høyre fuglane synge, eller ta ein kopp kaffi eller anna drikke. Når du er nesten oppe, er det ein del berg, men dei pleier ikkje å vere så glatte og sleipe. Vegen opp kan vere litt tung viss du spring eller stressar mykje, men tek du deg tida til å bli vande med terrenget, er det nesten som å gå ein tur i skogen.

Dyrelivet
På Robba og på vegen opp til Robba er det mange slags dyr. Veldig mange smådyr, men du kan også treffe på ekorn, rev og massevis av forskjellige fuglar viss du er varsam i marka. Er du stille og ikkje skremmer dyra, kan du få ei riktig lærerik reise.

Andre fjell å sjå frå Robba
Frå Robba kan du gå vidare til Espelandstølen, Tauningstølane og Dalsstølane. Viss du er ute etter ein skikkeleg langtur, kan du gå over til Kvitefjellet og Strokkssåta.

Kva er spesielt med Robba?
Robba er eit unikt fjell på mange måtar. På toppen kan du slappe heilt av og berre nyte den gilde fuglesongen. Frå Robba kan du sjå store delar av Åfjorddalen og Lavikdalen. Det du kan sjå på Hyllestad sida er blant anna Kjøreneset, Eidsneset, Espeland og Systad. Du kan sjølvsagt også sjå Solneset og Distub, databutikken der dei fleste i nærmiljøet kjøper datamaskinene sine.

CC BY-NC 4.0 Robba – ruvande og romantisk av kamilla_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kamilla Systaddal/2005
Kjelder: Kamilla Systaddal
Kommune: Espeland