Opplev Astrupkunsten på nært hald
I Astruptunet i Jølster kan ein oppleve sjarmen i eit gammalt bygningsmiljø og i kunstnar heimen til Nikolai Astrup. Her er du midt i landskapa som inspirerte Astrup.
Plassering i kart
Sjå film
Filmen er laga av Malin Leirvik og Kine Smedsrud
Ved å spasere rundt i dei tre gamle bygningane som Astrup budde i, kan du sjå og oppleve korleis kunstnaren levde tidleg på 1900 talet. Rundt husa ligg ein blomstrande hage med plantar som stammar frå Astrup si tid. Den svingete vegen som leiar opp til tunet er blant anna «dekorert» med planten djevelrot som Astrup ein gong tok med seg heim att frå ei utanlandsreise. Svarthyll og raudhyll som står utanfor husa, brukte Astrup til å lage te. Men den planten du legg best merke til er dei mange og flotte rabarbraplantane, som du og kan kjenne att på mange av Astrup sine motiv.
Små tronge hus
Det første huset ein kjem til, er der mor til Engel Astrup budde. Ho flytta til tunet fordi ho ville hjelpe Nikolai og Engel med dei åtte ungane.
Det neste som møter deg er kjøkkenstova. Det mest unike med kjøkkenstova er sengeplassane. Alle sov i same rom, og plassen var godt utnytta. På veggen kan ein sjå kopiar av dei mange kjende måleria til Astrup. I ein del av dei kan ein kjenne att motiv frå stovene, som blomstervaser og fargerike dukar på borda.
I peisstova, også kalla gamlestova levde Astrup og familien sine første år i lag. Her kan ein sjå mange treskjeringar som Johannes Fossheim, ein venn av Astrup gav han.
Peisstova og kjøkkenstova har blitt verande slik dei var når Nikolai budde der. Husa har veldig lave dører og når ein går inn i stovene, verkar det som om ein skal beskøke Astrup i hans tid.
Vidare kan du sjå atelieret til Astrup oppe på loftet. I tre år fekk Astrup glede av det nye huset, før han døydde av lungebetennelse. Her heng mykje av Astrups verk og reiskapar. Ein kan mellom anna sjå ei rekkje skisser og tepper som mor til Astrup vevde. Ho var ein av dei første som byrja å veve i Jølster. I atlieret kan ein også sjå staffelia og paletten til Astrup. Dåpskjolen, som har gått i arv i generasjonar, heng godt bevart i eit glasskåp. I same skåp heng også festkjolen til Engel, som du kan sjå att i mange av måleria til Astrup.
Det som kanskje er mest unikt med eit besøk i Astruptunet er at du kan stå på tunet medan omvisaren peikar på motiv rundt deg som Astrup har måla. Omvisaren fortel deg og om historia bak mange av bileta. Slik får du eit stort innblikk i måten Astrup måla på.
Eit av hans mest kjente bilete, Revebjølle, er laga her i tunet. Bileta har ein verdi på over ein million til fire -fem millionar. Men andre Astrup – bilete har blitt seld for meir.
Fakta opplysningar
Besøket har gått ned dei siste åra til om lag 6000 besøkande i året, mykje grunna lite nyhender i tunet. Men på 90-talet fekk Astruptunet så mange som 10 15000 besøkande i året.
Dei fleste som kjem på besøk til tunet er i hovudsak norske, men det kjem og ein del tyskarar og hollendarar. Dei fleste norske er pensjonistar og skulegrupper, mange er frå nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal.
Med så mykje besøk har eigarane tenkt å utvide tunet for betre toalettkapasitet og bussforhold. Nedst ved vatnet er det også planlagt eit servicebygg.
Opningstidene på Astruptunet er litt varierande, men skuleklassar som ynskjer seg ei omvisning kjem gratis inn med avtalt tid.
Opningstidene: 21.05. 30.06.:
Alle dagar kl. 11 17
01.07. 31.07.: Alle dagar kl. 10 17
01.08. 14.08.: Alle dagar kl. 11 17
15.08. 11.09.: Laurdag og sundag: kl 11 – 17
12.09. 31.12.: Stengt
På Astruptunet får du tilbydd kunstutstilling, video om Nikolai Astrup, kafé med ekte tradisjons mat som sveler med rabarbrasyltetøy. Og de er nettopp her mange tyske og hollandske turistar får smake sin første rømmegraut. Om sommaren kjem det mange turistar som set seg ute i dei nydelege omgivningane og les ei bok eller drikk ein kopp kaffi. På galleriet kan du få kjøpt plakatar, kopiar av bileta og kort av Astrup sine maleri.
Her kan dei fleste finne noko av innteresse.
Kjelde:
Solveig Berg Lofnes – Avdelingsleiar på Sogn og Fjordane kunstmuseum
www.astruptunet.com
-
Her ser du tunet Astrup og familien levde i. I framgrunnen kan du skimte rabarbaraen Astrup var så glad i. Foto: Marte Gryttenall-rights-reserved
-
Dette huset bygde Engel og Nicolai Astrup, då huset deira vart for trangt med åtte barn Foto: Marte Gryttenall-rights-reserved
-
Utsikta frå tunet er flott. Fjella i bakgrunnen går igjen i fleire av motiva til Astrup. Foto: Marte Gryttenall-rights-reserved
-
Slike flotte tepper heng rundt om kring i Astrup sin heim. Foto: Marte Gryttenall-rights-reserved
-
Her heng kjolen som Engel Astrup har brukt på fleire av måleria til Astrup, og kjolen målaren sjølv vart døypt i. Denne kjolen har fleire av etterkommarane òg vore døypte i. Foto: Marte Gryttenall-rights-reserved
-
I galleriet får du kjøpt kopiar av mange kjende bilete måla av Astrup. Foto: James Michael Ullebøall-rights-reserved
-
I kafeen på Astruptunet kan du få kjøpe god, tradisjonell mat frå Jølster, fortel omvisar Solveig Berg Lofnes Foto: James Michael Ullebøall-rights-reserved
Opplev Astrupkunsten på nært hald av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.