Sidemeny+

Nye postkasser

Posted on 25. mai 2005 by in Ferdsle, veg og sti

Foto: Reidar Eideall-rights-reserved

Det står alltid nokon bak all organisert turgåing!

Angedalen skule samarbeider med idrettslaget om produksjon av nye postkasser til Fjelltrimmen 2004

Plassering i kart

I fjella som omkransar Angedalen vert det kvart år sett opp fram mot 20 fjelltrimpostar. I samband med at Angedalen skule er med i Fjellatlasprosjektet, vart elevbedrifta ”Stadnamnkaféen” engasjerte i produksjon av 18 nye ”postkasser. Våren 2004 stod dei ferdige etter mykje planlegging og hardt arbeid. Ein laurdag i mai var mange av elevane med på å setje dei ut.
Eit gjevande samarbeid for alle samarbeidspartar! Bedrifta tente gode pengar, elevane fekk god øving med skrutrekkar og malarpensel, Angedalsgruppa fekk gode postkasser og unge, engasjerte turgåarar medan Fjellatlasnamnet vart gjort kjent i bygda og lokalpressa.

CC BY-NC 4.0 Nye postkasser av Reidar Eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Reidar Eide, 2005
Kjelder: Reidar Eide
Kommune: Angedalen skule