Løa på Rønset
Løa sett frå venstre
Viss du fer 4 kilometer frå Hyllestad utover Rv 608 mot Sørbøvåg, kjem du til Rønsetgardane. oNo køyrer du opp gardsvegen til tunet der du ser ei gamal løe frå 1600-talet.
Plassering i kart
Konstruksjon
Løa er bygd i stavkonstruksjon med 9 stolpepar på rekke som er bunde saman med ein bjelke. Det er då 9 grinder som er avstiva med skråband. Grindane blir bunde saman med stavlegja som ligg parallelt med mønet. Stavar, bjelkar og sneband/skråband er alle handhogne og i kraftige dimensjonar. Samanføyningar er gjort med trenaglar. Ein del av tømmeret ber preg av å ha vore brukt før. Nederst rundt heile løa er det steinheller i staden for tre for at regnet ikkje skal få treverket til å rotne.
Flytting til museum
Det unike med løa på Rønset er i fyrste omgang måla. Dimensjonen er 23 m x 7 m. Fleire instansar har vist interesse for løa. Folk frå Heiberske samlingar var for ei tid tilbake i tunet og diskuterte om løa kunne flyttast til museet på Kaupanger.
Delt løe
I det gamle tunet på Rønset har det ikkje vore utskifting, og dei to bruka (1 og 3) ligg svært tett. Her er det verdt å merkje seg den særeigne ordninga, at her er det berre ei løe. Då garden vart delt tidleg på 1600-talet, vart det sett opp ein skiljevegg midt i løa, som seinare vart bygd på i lengda i kvar ende. I løa er det skore inn desse årstala 1627 og 1686. Dei to bruka har hatt felles løe til vår tid.
Restaurering i 1997
Brukarane vart i 1997 einige om å restaurere løa. Dei byrja med ny kledning rundt heile løa. Så tok dei til med å skifte ut stavlegje og sperr i halve løa. Dei laga og nye dører, men dei vart konstruerte akkurat som originalane.
Løa på Rønset av øystein_rønneseth er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.