Sidemeny+

Lifjellet

Posted on 31. mai 2005 by in Landskap

Foto: Håvar Kverhellenall-rights-reserved

Lifjellet sett frå Hatlemsstranda

Lifjellet er eit særmerkt fjell i Hyllestad kommune og vert ofte kalla Lihesten fordi det er forma som hovudet på ein hest. Fjellet består stort sett av konglomerat.

Plassering i kart

Området rundt fjellet

Lifjellet er innramma av fjordane Hyllestadfjorden, Åfjorden, Storakersundet, Lifjorden og Sognesjøen. Det er store vidder oppå fjellet og fleire gode fiskevatn. På vestsida er det rik skogvekst med mykje furu. Lihesten er attraktivt for fjellvandring, og det finst mange flotte, merka løyper over heile fjellet. Det er og ein del hytter og stølar som vert nytta ofte.
Jordavatnet er eit stort vatn der orfallet er ei kløft som går gjennom heile fjellet og ut på Åfjordsida ein stad.

Ras

Dei siste åra har det gått fleire store ras på nordsida av fjellet. Eit spesielt stort kom i 1992 som førde til store skader på moloar, naust og sjøhus i Sørbøvågområdet. Det ramlar ofte stein ned frå denne sida av fjellet som landar i skråninga på veg ned til sjøen. Dei skader berre skogen før dei stoppar i ein stor haug.

Dyreliv

Det er rikt med dyreliv på Lifjellet. Det er hjortejakt på heile Lifjellet, men spesielt mykje på vestsida. På nordsida kan du sjå ein liten flokk med villgeiter som går og beitar i fjellsidene. Havørn har hekkeplass på Lifjellet. Det er også observert hubro.

Lihestklyvet

Høgaste punkt er på Risnesnipa 777 m over havetoverflata. Kvart år arrangerer Hyllestad idrettslag Lihestklyvet der målet er Gygrekjeften. Der du får ei deltakarnål utdelt når du er komen opp til toppen. Du får og drikke som blir kalla Gygresvetten. Den er laga av ting dei finn i naturen. Drykken er grøn og ser ikkje så innbydande ut, men er faktisk kjempegod.

CC BY-NC 4.0 Lifjellet av Sigrun Espe er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håvar Kverhellen/2005
Kjelder: Anne Berit Garnes Oddvin Svein Kverhellen
Kommune: Lifjellet