Sidemeny+

Leirvika gjennom tida

Posted on 31. mai 2005 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Når vi ser tilbake på utviklinga i Leirvik, oppdagar vi at Hyllestad kommune har hatt ei hand med i laget heilt frå begynnelsen og til no.
I dag finn du mykje i Leirvik, butikkar, kro, båthamn og fleire andre ting å gle seg over.

Plassering i kart

Dampskipsstoggeplass
Den 12.desember 1868 gjorde Hyllestad kommune eit vedtak om at alle dampskip skulle legge til kai inst i Bøfjorden. Til vanleg hadde det vore på Bråstad, men mange bønder støtta det og skreiv til Hyllestad formannskap at dei ville ha stoppeplassen inst i Bøfjorden. Dei fleste ikkje ville ha stoppeplassen på Bråstad fordi det var ein lang omveg med dårleg veg. Vi kan vel sei det er grunnen til at Leirvika blei ein stogge- og handleplass.

Johan H. Wolff og etterkommarane
I 1855 kom Johan H. Wolff til Leirvik. Han fann seg ein leiande posisjon etterkvart. Frå 1866 var han ordførar i 27 år. Han dreiv med eit lite gardsbruk, som etter kvart blei til gjestgjeveri, og han hadde og skyss-stasjon ei tid. I 1873 fekk han løyve til å drive handel på staden Leirvik. Johan H. Wolff sine etterkommarar, i tre generasjonane, har sett sitt preg på utviklinga av Leirvik. Med postekspedisjon og seinare telefonstasjon har vi nemnd næringsgrunnlaget som etterkommarane hadde å byggje på.
Det skjedde fleire stader at handel, post og hotell voks opp ved ein dampskipsstopp, ofte og av same person som Johan H. Wolff. Seinare var det eldste sonen Knut som tok over.

Litt fleir handelsmenn
I 1882 kom det to som skulle drive handel i Bøfjorden, Ole Jakobsen på Foss og J. Heggebø på Heggebø.
Langt inn i etterkrigstida merka ein eit ringare forbruk og eit meir heimebasert hushald enn vår tid.

Knut (sen.), (jr.) og (d.y)
Knut (sen.) sine søner delte tinga i butikken mellom seg. Knut (jr.) dreiv handel fyrst med radio og sykkel, men trelasthandelen vart etter kvart det viktigaste. No er den utvida og blir driven av Knut (d.y) og broren Atle.
Sonen til Johan H. Wolff, Johan, dreiv og butikk, med vekslande hell.

Det var fleire handelsmenn
I 1936 tok svigersonen, Trygve Systad, over. Han var den fyste som dreiv berre med handel og ikkje hadde noko ved sidan av. I 30-åra var det fem butikkdrivarar, Eivind Heggebø i sjøbua på Midtbø, J. Wolff i Leirvika, Anders Systad (far til Trygve Systad) på Foss og Ø.A. Bruås. Ø.A. Bruås dreiv med kolonialhandel og bakeri i kjellaren på ungdomshuset. Her tok Trygve Systad over når Ø.A. Bruås slutta. I kjellaren på ungdomshuset hadde han smørlaging i mange år, men han dreiv vidare med kjøtvarer, saltfisk og bakeri. Like før og under krigen, var Trygve den einast handelsmannen i Bøfjorden.

No har du høyrt om dei fire familiegenerasjonane som har prega utviklinga i Leirvik.

Eit nytt senter, ein heil ny stoggeplass
Ein sommardag i 1986 opna dei eit senter.
Her kan du finne masse forskjellig:
På Leirvik senter er det daglegvareforretning, el-butikk, frisør, ein gåve/ blomsterbutikk, og rekneskapskontor.

Du finn også teksttelefonen, Leirvik Kro og Motell, bank og postsortering.

CC BY-NC 4.0 Leirvika gjennom tida av solbjørg_huseklepp er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Solbjørg Huseklepp - 2005
Kjelder: Sogeskrift frå Hyllestad
Kommune: Leirvik