Langesjøen og historiar rundt han
Vakkert utsyn på Langesjøen frå sør mot nord
Langesjøen ligg mest i Fjaler kommune, men litt ligg innafor Hyllestad sine grenser. For å kome seg inn til vatnet, kan du kjøre inn Drøsdalen, parkere der og følge traktorvegen vidare. På sørsida er det ei strand der du kan fiske, bade, grille, osv… Det er mykje historisk som som du kan lese om og studere rundt Langesjøen.
Plassering i kart
Langesjøen
Langesjøen er eit stort vatn; det er 3-4 km lang, og den største delen ligg i Fjaler kommune. Før fekk ein fisk opp til 2,5 kg, men frå 1970 og utover vart vatnet gradvis forsura, og det vart mindre fisk; så i dag er det liten fisk på kring 200g, og det er stort innslag av røyrkjø.
Lybakkdalen
På nordvestsida ligg det ein gard kalla Lybakk. Som namnet seier så ligg han ly for nordavinden. Med 100 mål innmark var dette ein stor gard. I 1966 vart denne garden nedlagd. På denne garden Lybakk er det eit bustadhus bygd i 1880 og ein flor med løe. Denne floren er litt spesiell fordi ein stor del av han er bygd opp av stein. Her hadde dei kyr, geiter, sauer, griser, hestar, høns og i tillegg til dette, dreiv dei og fanga mår og fora dei fram til rette tida for pelsing. Ovanfor garden ligg Lybakkdalen, men før vart dalføret kalla store Dyrdalen. Her vart det i 1990 tatt ut 1000 kubikkmeter med gran som var veldig god fordi ho hadde vokse seint. Det renn ei elv frå Lybakkdalen, og denne elva vart brukt til vasskraft for kvernhus, sag til tømmer og ei renne til ein slipestein. Det var også brukt kraft til tresking ved hjelp av eit hjul med tauverk 40 meter opp til løa på Lybakk.
Dyrelivet
Dyrelivet langs Langesjøen er rikt. Der finst hjortråser frå Holt og Lone i nord og til Drøsdal, Teige, Bjørnestad og Myklebust i sør. Andre dyr er mink, oter, røyskatt, rev, store flokkar med rugde, eit stort lompar på Storholmen i vatnet og eit kongeørnpar i Bjørnenipa på austsida av vatnet.
Holt og Espeset
På nord-aust sida var det ein plass under Holt som var kalla Espeset, og der budde Klemet Espeset fram til 1915. Han var ein flink felespelar som laga ein del feleslåttar, og som også lærte andre å spele.
Det var ei drukningsulykke ved Storholmen der to menn, ein husmann frå Holt og drengen, drukna ved at dei segla på eit skjer.
To buplassar
Det var to buplassar i Lybakkdalen. 150 meter sørvest av Dalamanneset budde det ein som vart kalla dalamannen, og difor namnet Dalamanneset. Det er ein teori at dalamannen budde nær Dalamanneset for å føre tiende og skatt sørover frå Dalsfjorden til Ulvik der futen budde for så bringe verdiane vidare til Bergenhus.
Den andre buplassen skulle vere ved Øyjordvad, men skulle ein kome fram til denne plassen måtte ein vad over elva. Plassen låg øyde etter svartedauden, difor namnet Øyjordsvad. Det var ein husmann kalla Jørgen som budde der. Han måtte i 1622 bøte med alt han kunne, 8 riksdalar = 4 kuverd, fordi han hadde eit forhold til kona før han var gift.
Langesjøen og historiar rundt han av bjørnar_drøsdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.