Sidemeny+

Landskapsmålaren frå Jølster

Posted on 4. mai 2005 by in Arbeidsliv

Kven skulle trudd at prestesonen Nikolai Astrup skulle bli ein av norges mest kjende kunstarar, og at bileta hans ville vere verdt millioner av kroner.

Plassering i kart

Nikolai Astrup vart fødd i 1880 på prestegarden i Kalvåg, Bremanger. I 1883 flytta familien til Ålhus i Jølster, der han vaks opp.
Då Nikolai var 15 år sendte faren han på Kathedralskulen i Trondheim, men Nikolai hadde ikkje motivasjon og det gjekk dårleg på skulen.
Hausten 1899 fekk Nikolai lov å reise til Kristiania, for å gå på teikneskule. Men han fann fort ut at dette ikkje var den rette skulen for han, så han fekk plass på Harriet Backers måleskule. Der studerte han målarkunst.
Etter to år på måleskulen gjekk han vidare til Christian Krogh, på Académie Colarossi i Paris. Der studerte han i eitt år, før han vendte heim til Ålhus, for å måle sin eigen kunst.
Lærarane hans vart fort klar over hans eigenarta talent, så dei gjorde alt for å ikkje påverke utviklinga hans.

Plaga av sjukdom
Etter mykje krangel med far hans, valde han å flytte til Myklebust, på sørsida av vatnet. Her var det ikkje mindre krangling, så i 1912 kjøpte han det brattlendte småbruket på Sandalstrand. Dette vart seinare kalla Astruptunet.
Nikolai gifta seg i 1907 med 15 år gamle Engel Sunde. Dei fekk fem søner og tre døtre saman. Han var ein flink gartnar, og dyrka mat til seg og sine. Astrup laga òg vin, som var svært etterspurt.
Då Nikolai var ung fekk han tuberkulose og han var plaga av astma heile sitt vaksne liv.
Ein dag i 1928 køyrde Nikolai Astrup til Førde i open bil. Han pådrog seg då ein kraftig forkjøling, fordi han hadde kledd seg for tynt. Forkjølinga enda med ein lungebetennelse, som var så kraftig at Nikolai døydde, 21.januar 1928, 47 år gammal.

Endra naturen
Dei fleste motiva som Nikolai måla, var henta frå Jølster sin flotte og vakre natur. Han ønska å vise korleis heimbygda si forandra seg ved dei ulike årstidene, været og lyset sine endringar. Han ville få fram den heilt spesielle naturfølelsen som han fekk ved å ferdast i dette landskapet.
I tillegg til å arbeide med måleri, likte Nikolai også å arbeide med tresnitt, som var veldig dekorative. Nicolai var veldig glad i skarpe og klare fargar, og mange av bileta hans har eit mystisk preg. Sjølv om han måla naturen, tok Nicolai seg fridommen til å forandre litt på naturen slik at det passa betre inn i hans motiv.

Høyr kona Engel Astrup fortelle

CC BY-NC 4.0 Landskapsmålaren frå Jølster av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Karina Solemdal, Bjarne Kvistad og Ket Fossen
Kjelder: Bok: "Norges kunsthistorie, bind 5 - nasjonalvekst". www.nrk.no - fylkesleksikonet, www.astruptunet.com, www.skolenettet.no