Kval i Åfjorden

Her i Åfjorden var det folk kunne sjå kvalen boltre seg på seinsommaren.
Naturen kan by på mange spennande opplevingar. Det er ikkje mange som har sett kval her i området no for tida. Her er ei soga frå Åfjorden frå omkring 1960 – talet.
Plassering i kart
Ein haustkveld ved Åfjorden
Sola skein fint, og fjorden låg stille denne seinsommardagen kring 1960. Då var det at det uventa hende. Kryssande innover fjorden kom ein kval, og båregangen av han laga så fint eit mønster. Dette var uvanleg, og folk retta ryggane der dei sto i åkrane.
Kvalen var kvit
Dei turka seg i augo og kunne ikkje rett tru det dei såg. Men ein kval var det,- og så var han kvit. Eit retteleg stort dyr, sikkert minst 12 meter, var det mange som meinte. Ei lita veke kunne folket ved Åfjorden gleda seg over gjesten frå havet i vest. Ja, no var det ikkje alle som tykte like godt om dyret som kom buktande og blåsande i mest alle vikar heilt opp i fjøresteinane.
Kjempa forsvinn
Somme tider heva kvalen seg høgt i vasskorpa; ofte så såg vi berre litt av det veldige dyret. Men ein dag var det ikkje meir å sjå, til vonbrot for oss alle. Denne kjempa mellom pattedyra har seinare ikkje gledd eller uroa nokon langs Åfjorden. Kvar er dei no?
-
Her i Åfjorden var det folk kunne sjå kvalen boltre seg på seinsommaren. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Det var truleg ein slik kval som var på besøk i Åfjorden seinsommaren på 1960- talet. Foto: Frå Internettcbn
-
Sånn såg det sikkert ut når kvalen var oppe på overflata på seinsommarkveldane. Foto: Frå Internettcbn
Kval i Åfjorden av kamilla_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.