Kolgrovheia
Kolgrovheia 8. 9 september 04. Det var ei stjerneklår natt, og det var mange stjerneskot å sjå
Plassering i kart
Friluftsliv gruppa låg under open himmel
Ein varm haust kveld den 8. september-04 gjekk 6 tapre jenter og ein lærar i frå Hyllestad skule opp den bratte fjellsida til Kolgrovheia. Vi brukte ca 1 time og 30 min opp til toppen. Det var ein lettelse å komme opp og sjå varden. Alle namna våre kom i trimboka, og straks etter var soveposar og liggeunderlag kome på marka like bortanfor varden. Tida var inne til at det var leggetid. Medan vi låg i soveposane og kosa oss, såg vi opp på den klåre stjernehimmelen. Vinden var svak så det var behageleg å sove der.
Frukost
Dagen etter, den 9 september, sto vi opp 0630 og åt frukost og pakka i hop tinga våre før vi rusla nedatt til skulen.
Kolgrovheia av ole_skagen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.