Sidemeny+

Kleivevatnet og friluftsliv

Posted on 25. mai 2005 by in Landskap

Foto: Ole Skagencbn

Kokkar i sovepose.

Trass i ein kald og våt novembermånad ville 4 elevar ved Hyllestad skule prøve korleis det romantiske gapahuklivet var. Vi fann fort ut at gapahuken skulle ligge ved eit vatn og valet fall difor lett på det idylliske Kleivevatnet like aust for Hyllstad sentrum.

Plassering i kart

Frammarsj
På turen fram til Kleivevatnet tok vi ein studie av kartet for å finne ut kva lende som best ville høve som leirplass. Vi fann to aktuell plassar på kartet og starta å gå fram til desse. Etter å ha lært dei fleste triksa for å finne brennbar ved, sanka alle elevane ved på veg fram til bivuakkplass.

Bivuakk
Etter å ha valt ein høveleg leirplass, fordelte dagens elevar straks dei mange arbeidsoppgåvene som ein har ved etablering av gapahuk. To elevar starta sraks å reise gapahuken medan dei andre bar fram materiale til både gapahuken og ikkje minst bålet. Kveldane er ikkje kjende for å vere lange og lyse i november så det vart vel hektisk den siste timen. Alle stod likevel på for ein visste at dess betre arbeid ein gjer før det vert mørkt, dess betre vert det å sove om natta.

Natta
Etter at gaphuken var røyst, soveposane rulla ut og maten tilberedt på bålet, var det dags for å ta seg ein tur i myrket. Nattturen vår gjekk utruleg lett sidan månen skein godt. Mange stjerneteikn vart plukka ut, og nokre av elevane hadde førebudd ei kort forklaring til kvart einskilt stjernebilete. Etter rusleturen var det nok ein gong bålfyring og mat på programmet. Vi fekk alle oppleve den gode kjensla av å ligge i ly for vind og frost under gaphuktaket og kjenne bålvarmen varme oss.

Morgonstund
Tidleg på morgonen medan skoddedisen dreiv bortover vassflata som eit kaldt slør og sende kalde gufs innover gapahuken, kom ein kald og hutrete lærar som hadde lege 200 meter bortanfor gapahuken. Sanneleg var det godt å sette seg under gapahuken sitt tak og kjenne bålet varme. Under taket låg 4 elevar tørre og varme. Etter ein velsmakande frukost og evaluering av natta, starta vi riving av bivuakken. Alle spor etter gapahuken og bålet vart fjerna. Usynleg ferdsel er noko vi heile tida freistar å oppnå.

Konklusjon
Elevane konkluderte med at gapahuken fungerte vel så bra som telt, og var mykje meir «romantisk» og sosial. Neste gong vi legg ut på gapahuktur, vonar vi på at det vert kaldare, våtare og meir vind. For om det blir slik, så blir det endå meir koseleg under gapahuken.
God tur !

CC BY-NC 4.0 Kleivevatnet og friluftsliv av ole_skagen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Friluftsgruppa /2004
Kommune: Hyllestad