Sidemeny+

KANADAGÅS

Posted on 31. mai 2005 by in Dyreliv

Foto: Alle foto: Kristina Robinsoncbn

Her ser du kva som særmerkjer ei kanadagås..

På ein holme i Espelandsvatnet oppdaga eg i april 2005 at det var ein fin fugl som hekka der.
Det synte seg at det var ei kanadagås.

Plassering i kart

NAMN
Det norske namnet på fuglen er kanadagås.
Det eigentlege namnet til kanadagåsa er Branta canadensis.

FAMILIEN
Kanadagåsa tilhøyrer andefamilien.Dei lever i eit
livslangt parforhold. Familien held saman heile året.
Vellykka forplanting er på topp ved 5 års alder, og held seg i mange år.

KJENNETEIKN
Kanadagåsa er ca ein meter lang. Rygg, venger, bryst og buk er brune.
Halsen er svart, men eit kvitt felt under haka og opp mot augo. Nebb og bein er gråsvarte; kjønna er like.
Kanadagåsa veg 4,5 – 5 kilo.

HEKKING
Denne gåsearten hekkar ved vatn. Arten hybridiserer med grågås, slik at vi i dag har fleire individ som har både grågås og kanadagås til foreldre. Desse har som kjenneteikn mattare kontrastar og grå ansiktflekk.
Kanadagås legg 4-7 egg.
Ho ruger på egga i 28-30 dagar.
Ungene er flygedyktige etter 40-48 dagar.
Hannen held vakt mens hoa er åleine i rugetida; egga er gråkvite.

LÅT
Kanadagåsa her ein djuk a-honk; første staving er lågare enn siste.

MAT
Kanadagåsa et gras og andre plantar, – av og til går alger inn i kosthaldet.

VENGESPENN:
Kanadagåsa her eit vingespenn på opptil 173cm og lengda på ho er 91-102cm.
Det vil sei at vengespennet er nesten over høgda til eit menneske.

LEVEOMRÅDET
Opprinneleg kom arten frå Nord-Amerika. I dag finst gjæsene også i nordlege Europa og på New Zealand.Kanadagås vart
utsett i Noreg 1936. Fortsatt spreining og realtiv sterk lokal auke.
Kanadagåsa er innført til Noreg, først som parkfugl og sidan som jaktobjekt.
Dei største bestandane finnes på sentrale på Austlandet, i Agderfylka, i Sunnfjord, på Nordmøre og i Trøndelag.

OPPLEVING PÅ HOLMEN
Det var ein dag eg var ute og rodde i båten.
Plutseleg høyrde eg ein rar lyd. Eg synst det var ein fugl, og eg rodde bort til holmen.
Eg gjekk rundt på holmen og såg meg om kring.
Plutseleg flaug det ein stor fugl vekk frå reiret sitt.
Eg lista meg opp til reiret for å sikre meg at det var ingen andre fuglar der.
Det låg 7 egg i reiret.
Når eg kom heim, spurde eg foreldra mine kva fugl det var.
Dei sa at det var ei kanadagås.
Kvar dag rodde eg bort og sjekka at alle egga var der.
Ein dag var dei vekke. Då hadde eg sett ein mink borte på holmen.
Minken hadde tatt alle egga, men kanadagåsa er der framleis.

CC BY-NC 4.0 KANADAGÅS av aleksander_eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Aleksander Eide/ 2005
Kjelder: fugler.no. Leksikon-Studia. Fugler frå hav, sjø og myr-Aschehoug. Norges dyr. Fuglene 1.-J.W cappelen.
Kommune: Espelandvatnet