Sidemeny+

Hyllestad gamle kyrkjegard

Posted on 24. mai 2005 by in Kulturarv

Foto: Håkon Haukøycbn

Grunnmuren til gamlekyrkja

I Hyllestad har vi 3 kyrkjer, 1 kapell og 3 kyrkjegardar i bruk.I tillegg har ein Hyllestad gamle kyrkjegard. Siste gravferd til den gamle kyrkjegarden var i 1881. I tida etter vart denne kyrkjegarden lite medvyrdsla.

Plassering i kart

Steinkrossar
I 1935 vart eit større vølingsarbeid i Jonas Sørefjord sin regi fullført. Mellom anna sette ein opp dei gamle steinkrossane. Der er 3 krossar som er hogde i granatglimmerskiferberget i Hyllestad. Denne bergarten har gitt materiale til dei store steinkrossane på Vestlandet i den fyrste kristne tid i Norge. Steinen i Korssundet er såleis hoggen i Hyllestad.

Vedlikehald
Etter 1935 vart den gamle kyrkjegarden på Hyllestad stadig mindre vedlikehalden- til kommunen fekk i gang eit vølingsarbeid i 1984. Kyrkjegarden er nå i bra stand, og er med på kommunen sin vedlikehaldsplan. Kyrkjegarden er vel verdt ei vitjing.

CC BY-NC 4.0 Hyllestad gamle kyrkjegard av solbjørg_huseklepp er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: 8. klasse 2004/2005
Kjelder: Heim og Skule, nr. 3 1987
Kommune: Hyllestad