Gygrekjeften
De klarer det aldri. Tre skuletimar er altfor lite. De når aldri opp.
Plassering i kart
Motivasjon
Dette er var dei lykkeønska vi fekk frå våre kjære medelevar onsdag morgon. Friluftsgruppa hadde sett seg mål av å nå toppen Gygrekjeften som ruvar som ei dronning over skulen vår. Men vi hadde bestemt oss tysdag at dette skulle vi klare. Motivasjonen var toppen, og det skulle vi klare
Oppover
Vi heiv oss i bilane og råna Lifjordvegen dei fem kilometrane ut til Lekva. Sekkane vart raskt tekne på, og vi sette i marsj oppover lia. Det vart tilnærma «intervalltrenig» oppover, med lange drag og korte pausar. I stikrysset oppunder Lihesten valde vi raskt Nipestien sidan dette er den kortaste stien opp. Skulle vi klare å nå toppen, var vi nøydde til å gå her. Då vi nådde taua i fjellet, valde tre elevar å vente medan 5 heldt fram. Det gjekk kjapt oppover taua, og vi nådde toppen av Lihesten klokka 10.50.
Toppsyndromet
Det var endå 10-15 minuttar fram på Gygrekjeften. Tidskjemaet tilsa at vi måtte snu 10.45 for å nå tilbake til Hyllestad til 4. time. Vi kjende alle det som ekspedisjonar på Mount Everst kallar toppsyndromet. All fornuft tilsa å snu, men vi klarde det ikkje. Vi satsa på at vi framleis skulle nå ned igjen i tide. Og dersom vi ikkje klarde det, skulle vi stå for støyten vi eventuelt ville få.
Toppen
Vi låg flate etter berga innover mot toppen og heldt oss for bringa og blas. Og ingen skal undrast at læraren fann ut det var mykje til stas.(Fritt etter Jakob Sande)
Den kjappaste i gruppa sprang i førvegen og tok fram vardeboka slik at ho var klar til dei andre kom. Og etter å ha skrive namnet, sett på utsikta og tatt det obligatoriske toppbiletet, sprang vi ned att til Lekva. 400 meter før vi nådde bilane, begynte det å drople, og då vi nådde bilane, regna det godt. Vi var med andre ord maksimalt heldige med veret. God planlegging !
Vi nådde 4. time med knappast mogleg margin; vi var sveitte og skitne av moldsprut og gjørme. Men vi fekk ein fantastisk topptur trass berre ein halv skuledag. Takk for at vi har ein skule som ligg så fint til.
God tur !
Gygrekjeften av ole_skagen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.