Gygra på Lifjellet
Lifjellet sett frå Myklebustneset på Hyllestad
Ymse namn på Lifjellet og terreng- og bergformasjonar der kan setje fantasien i sving. Namn som Lihesten, Gygrekjeften, Gygretanna og Trollbotnen kjenner mange til, og det er nok grunnar til at stadane vart heitande slik.
Midt på nittitalet skreiv ein elev på ungdomstrinnet ved Hyllestad skule ned ei segn om kva tilhøve til tussar og troll kunne ha å seie når plassar skulle namnsetjast.
Plassering i kart
Soga om gygra
Ei segn fortel om ei gygre som budde i ei hole ein stad på Lifjellet. Sjølvsagt hadde ho friarar som kom frå både fjernt og nært. Nokre reiste til ho frå øyar i nærleiken, men ho fekk også besøk langveges frå.
Frå Senja
Ein av dei friarane Lifjellsgygra tykte best om, heldt til på Senja i Nord Noreg, og dit reiste gygra ganske ofte
Reisa måtte ho gjere om natta, for som du veit, vert alle troll til fjell i sollyset.
Gygrekjeften og Gygretanna
På ei av desse friartoktene tok det heilt av med friarfeiring.
Paret festa, drakk og åt så jorda riste. Men før sola rann, måtte Lifjellsgygra heim.
Denne gongen vart ho i seinaste laget, og enda opp som faste berget. Men enno kan du sjå ansiktet og tanna hennar i fjellet.
Alt dette hende lenge før menneske flytte hit og begynte å dyrka jorda kring strendene i Lifjorden.
- Gygreandletet under Gygrekjeften er lett å få auga på …..
- … same kor du vender og snur på det.
Gygra på Lifjellet av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.