Sidemeny+

Gullgruva på Blåane

Posted on 18. mai 2005 by in Geologi

Foto: Torbjørn Solheim og Carl Olav Haugen.cbn

Utsikt frå gruveåpninga. Oppe til venstre ser vi ein støyl i Angedalen, Førde, og rett fram i fjellsida ser vi Kvamsstøylen (bak masta).

I fjellet mellom Angedalen og Mo ligg det ei gullgruve som vart greven ut i byrjinga av 1930-talet. Mannen som byrja dette arbeidet var ein kar ved namnet Andrew Moe. Han var oppfinnar, fabrikkeigar og gullgravar.

Plassering i kart

Han fann ut at han skulle starte gullgruve i desse fjella basert på erfaringar som han gjorde i Amerika rundt århundreskiftet 18/1900-talet. Nyare undersøkingar syner at der er gull i gruva, men at den truleg ikkje er drivverdig.
Andrew Moe. Ut ifrå namnet kan ein tru at han var amerikansk, men det stemmer ikkje heilt. Han var fødd den 28. desember 1873 på garden Mofleten, ein husmannsplass under garden Mo der jordbruksskulen ligg i dag. Ettersom det var tronge kår i Noreg på denne tida, var det ikkje store moglegheiter for å skaffe seg eit godt levebrød, og på slutten av 1800-talet gjorde Andrew som så mange andre, han reiste til Amerika for å prøve lukka (derav den amerikanske vrien på namnet).

Dette viste seg å vere eit bra val. Han starta som oppfinnar og fann opp ein eplepakkemaskin som han tok patent på og tente ein del pengar (han hadde til og med ein eigen fabrikk). Deretter reiste han til Klondike for å vere med på det store gullrushet som var der i den perioden. Etter dette byrja det å gå nedover, og Andrew Moe bestemte seg for å reise tilbake til Noreg (rundt 1930).

Opprusting av Mofleten
Når han kom hit, reiste han opp på barndomsgarden på Mofleten for å skaffe seg ein plass å sove. Der treff han systera Anna, som budde åleine på garden. Når han var komen heim, byrja han å ruste opp garden på Mofleten. Han bygde ny driftsbygning, bustadhus og ein verkstad som var meint for oppfinning av nye produkt han kunne tene pengar på. Til dette brukte han pengane han hadde tent i Amerika (det var visst så mykje at Førde Sparebank ikkje ville ta vare på dei) og han dyrka opp heile garden, planta frukttre og hausta det etter nokre år.

Gullfunnet
Andrew hadde og lagt merke til fjella ovanfor garden, og meinte dei kanskje kunne innehalde gull. Ettersom han var ein halden mann og arbeidskrafta var billeg, starta han leitinga etter gull der oppe, og fann det. Andrew drog på fleire turar til Amerika med prøver av fjellet for å sjå kor store førekomstane var, og det kan seiast sikkert at det var funne gull, men om det var drivverdig seiest det ingenting om. Gruva var plassert mellom fjella i Flugedalen og Mofleten, 700 meter over havet og det var ein bra marsj opp for å kome seg på arbeid. Men det var ingen tvil om at Andrew Moe gjorde mykje godt for grenda der han budde, og det er endå folk som kan fortelje om den kjærkomne ekstrainntekta som Andrew tilbaud dei.
Andrew Moe ligg gravlagd på Førde Kyrkjegard på ei flott grav med søyler ut til sidene og minnar om ein portal, og det er prega inn eit foto av mannen i gravsteinen.
Han døydde 8.september 1938.

Aktivitet i seinare tid
Etter dette var det ingen aktivitet i den vesle gruva på fjellet før midten av 90-talet. Då vart det diskusjon om det verkeleg var gull i fjella, og nye prøvar vart tekne. Desse syner at det er mellom 2 og 21 milligram gull per tonn stein, og for at gruva skal vere drivverdig må det vere minst 2 gram gull per tonn. Men det er ingen i dag som veit om det kan vere meir gull lenger inn i fjellet.

Forfattarar: Torbjørn Solheim og Carl Olav Haugen, klasse 3NAA, Mo og Jølster vgs.

Kjelder: Jul i Sunnfjord, artikkel av Magnus Grimeland (årstal uvisst)
Avisa Firda 22. Juni 1996 og 8. April 1997
Erik Solheim, grunneigar i Flugedalen

CC BY-NC 4.0 Gullgruva på Blåane av annebritsanderygg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.