Sidemeny+

Friluftsområdet på Myklebustneset

Posted on 31. mai 2005 by in Landskap

Foto: Alle foto: Kristina Robinsoncbn

Her ser du litt av badestranda.

Prestefjæra eller Myklebustneset som mange kallar plassen, har fått namnet Prestefjæra fordi det er ein del av den gamle prestegarden.
Det vart fråskilt fleire tomtar frå bruket, mellom anna fekk lensmannen i 1938 frå delt seks mål jord til hus og eit lite småbruk. Det er også selt andre tomtar til bustader og til småbåthamn. Det som er igjen av prestegarden på Myklebust, er staten sin eigedom.

Plassering i kart

Krigsminne
Myklebustneset vart mykje brukt av okkupasjonsmakta under krigen. Det er bygd bunkersar som no for det mesteer øydelagde. Nokre er tekne i bruk som lagerrom, og nye dører er isette.

Fekk friluftsmidlar

I 1998 vart det bestemt frå fylkesmannen at dette området skulle bli eit friluftsområde. Myklebustneset kom inn i kommunen sin reguleringsplan,
Kommunen fekk friluftsmidlar frå fylkesmannen. Kommunen fekk om lag 20.000 kr totalt til å bruke på plassen. Det brukte dei til å lage danseplatting, sette dører i bunkersane og til grusvegar i terrenget. Det vart også rydda ein del skog. I samband med å skogryddinga, bygde nokre elevar frå Hyllestad skule ein gapahuk der. Denne er no nedriven.

Hyllestad skule og kva dei brukar stranda til

For Hyllestad skule er Myklebustneset ein veldig populær plass. Elevane brukar området til ekskursjonar og til observasjonsområde. Det er lett å finne små strandkrabbar under steinar, og viss du ser ekstra godt under tang og tare, kan du sjå strandreker, ål og små fiskar. Skulen tar elevane med ned også for å grille, og der er bålplass.

Skildring av plassen.

Det er ei lita elv bakom alle berga som er der. Det er også ein liten skog bakom stranda. Det er også planar om å byggje eit toalett der.

Kvar finn du plassen ?

For å komme til Myklebustneset må du køyre til kommunesenteret i Hyllestad.
Attmed kommunehuset er det ein grusveg der kjøre du ned og forbi barnehagen til ein parkerings plass, og så går du 100 m inn grusvegen, og der ligg stranda.

Småbarnsfamiliar og dugnad.

Badestranda blir mykje brukt om sommaren av småbarnsfamiliar. Det er ein fin plass å tilbringe dagen på; dei vaksne solar seg og pratar mens barna badar. Det har også vore nokre dugnader der. Kven som vil, stiller opp, men det er mest småbarnsfamiliar som er der nesten kvar dag om sommaren. Då plukkar dei tang og ryddar fint til i stranda. Familiane pleier å ta med seg mat og drikke. Somme lagar bål eller tek med seg ein eingongsgrill. Nokre tek også med seg fiskestenger og står ute på neset og fiskar. Det er lagd til klatrebaner rundt om kring i trea. Borna pleier å leike gøymespel og «bom på boks». Det er ein fin leikeplass. Dei som er heldig, kan sjå nise ut i havet, men dei er ikkje nær stranda. Det er blitt ein fin møteplass om sommaren; spesielt på jonsokaftan. Då tenner dei eit stort bål.
Myklebustneset er eit fint mål for familieutflukter.

CC BY-NC 4.0 Friluftsområdet på Myklebustneset av kristina_robinson er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristina Robinson -2005
Kjelder: Liv Hilde Robinson Kjell Eide
Kommune: Hyllestad