Flugestøyleneit bevart naturparadis
Det har ikkje vore drift på Flugestøylen på Jølster sidan midten av 1950,-talet men støylen er ikkje gløymd av den grunn. Det er framleis aktivitet der, året rundt. Jølster Ungdomslag arrangerte to år på rad jonsokfeiring på Støylen, og det er naturleg nok ein svært populær stad for turgåarar og naturelskarar.
Plassering i kart
Sjå film og høyr Jofrid Farsund fortelje segn om huldra på Flugestøylen
Film og lyd ved: Ket Fossen og Karina Solemdal
Jofrid Farsund som bur på garden Storetræ tok oss med på Flugestøylen ein dag i mai. Flugestøylen ligg 400 m.o.h, og turen opp tek i overkant av ein halvtime. Ein tek til venstre ved Jøstraholmen når ein kjem køyrande frå Førde. Deretter fortsett ein i rundt fem minutt, forbi eit gamalt sagbruk, til ein kjem til ein liten steinete parkeringsplass. Derifrå går ein til fots, ein passerer Sukkergrova og Huldrehaugen, og føl stien som er godt merka heile vegen. Terrenget er fint, og det er framkommeleg for alle og einkvar, men vasstette fjellsko er å anbefale.
Privat produksjon
Det er seks gardar som eig mark og dei åtte sela på Flugestøylen, men det er naturlegvis ikkje den same produksjonen som før. Då tok ein med seg kyra og geitene på støylen. Ein kinna smør, laga ost og tok med seg dette og mjølk attende til garden. Før hadde kvar eigar sitt eige område der dei slo graset, og nokre av løene dei bygde til høyet står framleis den dag i dag. No har alle sela eit slags fellesområde, som alle delar på og kan dra nytte av.
-Finn ro på støylen
Då Flugestøylen hadde stått ubrukt i rundt 12 år, tok Jofrid Farsund og familien hennar motet til seg og bestemte at dei ville pusse opp selet dei eig. Alt materiale måtte berast frå Fluge og opp til støylen, -traktorvegen kom først nokre år seinare.
Farsund seier det har betydd mykje å ha ein slik stad. På støylen finn ho ro og kan slappe av, medan barnebarna viser stor interesse for miljøet rundt selet. Det er småfisk i elva, og er ein heldig kan ein få ein småaure eller to på kroken.
Lenger oppe i fjella blir det jakta etter både rype og hjort når sesongen er der.
Det er fredeleg her midt mellom fjella. Sola tittar fram frå skyene, og fuglane kvitrar muntert rundt oss. Frå toppen av Støylen har du flott utsikt til alle kantar, dette er rett og slett vakker Jølster- natur på sitt beste (sjå bilete).
Flugestøyleneit bevart naturparadis av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.