Sidemeny+

Europeisk hoggorm

Posted on 31. mai 2005 by in Dyreliv

Foto: Frå bokcbn

Hoggorm på ein solskinsdag

Hoggormen er eit av dei dyra som søv om vinteren. Han er vekselvarm. Opptil fleire hundre dyr kan sove i lag i ei hole eller steinrøys. Dei vaknar når vårsola skin på bolet deira.

Plassering i kart

Mønster
Hannen er svart; hoa er brun. Hoggormen har eit mørkt sikksakkmønster på ryggen. Det bryt opp konturane av ormen og gjer han vanskeleg å sjå for fiendar. Mørke eksemplar kan vere så svarte at mønsteret ikkje synest.

Auge
Hoggormen har loddrette spaltepupillar, og det er vanleg hos nattaktive slangar. I sørlege delar av leveområdet er hoggormen nattaktiv. Når lyset blir vekke, opnar pupillane seg for å sleppe inn så mykje av det svinnande lyset som mogleg.

Ungar
Det ser ut som hoggormen får levande ungar, men i røynda trenger ungane seg ut av den gjennomsiktlege egghinna under fødselen. Hoa får 5-12 ungar i augustseptember. Ungane er 14-20 cm lange når dei er nyfødde.

Fakta
Lengde: Hoa opptil 1 m; hannen opptil 60cm.

Vekt: Vanleg vekt er 150- 200 g.

Bytte: Rotter,mus,øgler,froskar og fugleungar.

Gift: Kan ha døydelege følgjer for eldre menneske og ungar.

Levealder: Opptil 20 år.

Vitenskapleg namn: Vipera berus.

Leveområde
Hoggormen lever i heile Nord-Europa, bortsett ifrå Irland og dei nordlegaste delane av Skandinavia. Leveområdet strekker seg tvers over Asia til Nord-Kina og sørover til Nord-Italia og Hellas.

Oppførsel
Hoggormen er sky og vil helst gli vekk og gøyme seg, men føler han seg alvorleg trua, kan han hogge. Nokre gonger stivnar hoggormen når han blir forstyrra, som om han spelar død, til faren er over. Oftare kvesar han før han glir inn i buskar og gras. Når hoggormen solar seg, flatar han ut kroppen for at mest mogleg av kroppsflata skal få sol. Hoggormen er den einaste slangearten som er funnen nord for polarsirkelen. Finn hoggormen eit musebol eller fuglereir, kan han ete heile kullet.

Hoggormbitt
Som andre små vipere må hoggormen folde hoggtennene saman for å kunne lukke munnen. Når han høgg, retter han tennene framover for å drive dei djupt inn i byttet. Hoggormgift øydelegg blodceller og blodårer. Verknaden på menneske er avhengig av om det er lenge sia slangen hogg sist. Har han nettop tatt eit bytte, er giftdosen liten og gjev nokre dagars smerte og opphovning, trøttleik, dårleg appetitt og tørste. Er dosen stor, kan følgjene bli oppkast, feber, diaré og besvimelse. Det kan då ta veker før ein er heilt frisk igjen.

Farlegare slektning
Hoggormen lever lengst nord, men han deler det meste av leveområdet med fleire andre slangar; blant dei fleire hoggormar (vipere). Ein av dei er aspisviperen (vipera aspis), som liknar den vanlege hoggormen. Han kan til og med ha sikksakkmønster. Han føretrekkjer varmare klima og lever derfor normalt lenger sør enn hoggormen. Aspisviperen har sterkare gift og kan drepe eit friskt, vakse menneske. Aspisviperen kan gøyme seg i høystakar og liknande, og kan då vere farleg for bønder og landarbeidarar.

CC BY-NC 4.0 Europeisk hoggorm av torbjørn_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torbjørn Systaddal/2005
Kjelder: Monster klubb, hoggorm.no
Kommune: Hyllestad