Sidemeny+

Enghumleblom (Geum rivalé)

Posted on 23. mai 2005 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Enghumleblom

Enghumleblom veks fleire plassar på Vestlandet. Denne blomsten er lettare å legge merke til, enn kratthumleblom som også er vanleg. Om hausten kan du finne frø med krokar på sokkane eller på buksa om du har passert eit område med ein av desse blomstrane. Menneske og dyr er såleis med på å spreie frøa.

Plassering i kart

Utsjånad
Enghumleblomen er 30-40cm høg. Enghumleblomen har ein grov jordstengel og er om lag 25 cm høg. Store blad nede og små blad oppover stengelen. Det er mjuke hår på heile planten, øvst også kjertelhår. Blomsteren nikkar eller heng som ei bjølle. Raudbrune begerblad og gulraude kronblad. Griffelen er stiv og får til slutt ein krok i toppen. Av og til kan det vekse ein ny blomster opp igjennom blomsteren, som så kan få grøne blad i staden for begerblad.

Verksestad
Veks på grasbakkar og ved bekker og er vanleg i heile landet, i fjellet opp til over 1400 m. Når griffelkroken hefter seg i folk og fe, kan fruktene spreiast vidt omkring. Enghumleblom høyrer til rosefamilien.(Geum rivalé) Geum ? romerane sitt namn på kratthumleblom, som fekk namn fordi han hadde medisinsk funksjon, rivale tyder bekk.

CC BY-NC 4.0 Enghumleblom (Geum rivalé) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Benedicte Hole 8c 2006