Den norske hjort
Den norske hjorten (Cervus Elaphus Atlanticus) er klassifisert som ein eigen genetisk rein underart av Cervus Elaphus. Hjorten finst nær sagt over heile verda, men med mange artar og underartar. Cervus Elaphus Atlanticus, som er vår hjort, finst berre i Noreg.
Plassering i kart
Kva dei blir kalla
Hodyret blir kalla kolle eller hind, hanndyret vert kalla bukk. På Austlandet heiter hjorten også kronhjort.
Pels og farge
Eit typisk kjenneteikn hos hjorten er den mørke hårstripa frå nakken og langs heile ryggen. Denne er tydeleg i den raudbrune sommarpelsen, og i den meir gråbrune vinterpelsen. Pelsen er kvit på innsida av låra, og kalvane har kvite prikkar på kroppen når dei blir født.
Vekst og kjønnsmodning
Kolla går drektig i snaut 8 månader (ca. 230 dagar) og får vanlegvis ein kalv kvart år. Kalvinga skjer i månadsskiftet mai juni, og ved fødselen veg kalven mellom 7,2 10,8 kilo. Dei 3 4 første vekene er den næringsrike morsmjølka heilt avgjerande for kalven. Morsmjølka inneheld: 8 13 % fett, 7 9 % protein og 4,5 % laktose. Mesteparten av bukkane er kjønnsmodne rundt 1½- åringar; hos kollene er det vekta som er viktigast; nokre er kjønnsmodne rundt 1½-års alderen.
Gevir
Som hos elg og rådyr er det berre hannen som utviklar gevir. Når bukken nærmar seg 1 år, veks det første geviret ut. Dette har som regel ei form som 2 rette stenger, som er frå 5 30 cm lange. 2½-åringar har 3 takkar, 3 åringar har 4 -5 takkar, 4 åringar har 5 6 takkar, og eldre dyr har sjeldan over 7 takker på kvar stang.
Spor
Hjorteklauvene er små, og biklauvane sit forholdsvis høgt oppe på beina. Dei små og spisse klauvene er lite eigna til forflytting i djup snø eller som gravereiskap. Sporteikn etter hjort finn ein i form av sølegroper eller badeplassar i våtlendt terreng, beitegnag, særleg på gran og einer, beitespor på dei fleste lauvtre og feieskader på yngre tre. Markerte 10 20 cm stiar mellom beiteplassar og gøymestader kan du lett få auge på.
Sansar
Hjorten er eit typisk skogsdyr, og vill hjort viser seg sjeldan i ope terreng på dagtid. Lukt og høyrsel er derfor viktige sansar, og det som er best utvikla. I auget på hjorten sit det to ulike synsceller, stavar og tappar. Stavane har høg følsemd for lys, men gir liten sanseskarpleik. Tappane har låg følsemd for lys, men kan registrere fargar som gir godt skarpsyn i godt lys. Hjorten har masse stavar og lite tappar.
Aktivitets- og kvileperiodar
Mykje av hjorten si tid går med til å beite og hjorte (tygge drøv). Han har 4-6 beiteperiodar i døgnet. Hjorten er mest aktiv om dagen. Natta går mest til å kvile og hjorte. Om dagtid er beiteperioden nede på 2 3 periodar.
Naturleg vår-, sommar-, haust- og vinterføde
Vår : kvitveis, stormarimjelle, tepperot, gaukesyre, bjørk, hassel, rogn og selje.
Sommar : Gras, halvgras, smyle, kvein- og svingleartar, blåtopp og ulike urter.
Haust og vinter : lyng, knoppar og kvist, blåbær og tyttebær, busk, frukttrær, rogn, selje, kristtorn, furu, gran.
Nokre data om kronhjort
Vaksen kolle: 90-120kg
Vaksen bukk: 150-220kg
-
Ein stor, norsk hjort Foto: Hans Andrè R.Horneall-rights-reserved
-
Eit hjortehovud Foto: Hans Andrè R. Horneall-rights-reserved
-
Mange taggar på hovudet Foto: Hans Andrè R. Horneall-rights-reserved
-
Store øyre til godt utvikla sans Foto: Hans Andrè R. Horneall-rights-reserved
-
Sterke og høge taggar Foto: Hans Andrè R. Horneall-rights-reserved
-
Dette har vore ein stor hjort Foto: Hans Andrè R. Horneall-rights-reserved
-
Ein stor, norsk hjort Foto: Hans Andrè R.Hornecbnd
Den norske hjort av hans_horne er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.