Sidemeny+

Breivika

Posted on 25. mai 2005 by in Landskap

Foto: Helene Husekleppcbn

Middag PS-det er ikkje enkelt å servere suppe på flat papptallerken.

Friluftslivgruppa på Hyllestad skule har vore i Breivika på overnattingstur i telt. Det var ei oppleving utan like. Breivika var ein idyllisk plass.

Plassering i kart

Turen
Etter skulen onsdag 6. oktober 2004 gjekk 6 jenter og ein lærar til Breivika, som ligg 4 km i frå Hyllestad ute ved Åfjorden. Det var ein idyllisk plass som ikkje går an å beskrive kor fint det var. Derifrå såg vi den berømte ”tanna” på Lihesten veldig klårt. Vi sette opp telta og lagde oss middag.

Middag/ kveld
Nokre elevar kokte strandsniglar og åt dei. Vi sat lenge slik og åt og prata. Etter ei stund då det hadde begynt å mørkne, var det ei av jentene som lagde ei bru over til skjæret som er i den vesle bukta. Vi kom oss heilt ut. Før vi la oss i 9 tida, leikte vi «spark på boksen». Ein leik læraren aldri hadde vore med på før.

CC BY-NC 4.0 Breivika av ole_skagen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Helene Huseklepp / 04