Bjørnesteinane i Angedalen
Gudmund Angedal frå Angedalen i Førde fortel at oldefaren hans, Anders Angedal nær vart drepen av ein bjørn. Han fortel sjølv i møte med elevar og lærar frå Angedalen skule:
Plassering i kart
-For oldefaren min, han Anders Angedal, gjekk det gale og det kunne fort ha gått mykje verre Dette hende i byrjinga av 1800-talet. Det gjekk so føre seg at Anders, som då var om lag 18 år gammal, hadde ansvaret for å hente inn att nokre kalvar til kvelden. Dette var ein laurdag og Anders vart so forhefte med noko arbeid han hadde, antakeleg inne på støylen. Han mørkna ute og fann ikkje igjen ein av kalvane. Dette var på nordsida, rett ovanfor gamleskulen inne i dalen. So fann han ut at han skulle gå tidleg søndag morgon for å leite han opp.
Rett oppom gardflorane innaføre garden hans Jostein Angedal ligg det nokre store steinar. Akkurat då han kom rett forbi steinane, låg bjønnjen der og åt på kalven. Dei skvatt til begge to. Bjønnjen nådde tak i han, slo han og beit han kraftig i ryggen. Dei vart nok kraftig skremde begge to. Anders kom seg til gards, men vart liggande nesten eit heilt år før han kom seg til igjen.
Etter denne episoden vart steinane heitande Bjønnjasteinane, og det heiter dei den dag i dag. Dette er einaste gongen som eg veit om at folk har blitt skada av villdyr her i dalen. Det har nok skjedd mykje både spennande og dramatisk i den tida då dei gjette mot villdyr, men dette er nok dessverre ikkje teke vare på.
Bjørnesteinane i Angedalen av Reidar Eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.