Sidemeny+

Bjørnemyra

Posted on 31. mai 2005 by in Landskap

Foto: Alle foto : John Gerick Bårrøycbn

Bjørnemyra med framifrå utsikt over Lifjorden

Bjørnemyra ligg ca. 230 m.o.h. og der har ein god utsikt mot havet og Lifjorden.
Dette er ein fin tur for deg som er litt lat. Ein nydeleg tur som søndagstur.

Plassering i kart

Vegen opp
Det fleire vegar å gå opp – frå Hovland, Risnes eller opp frå garden Steinteigen.
Frå Steinteigen er det litt bratt, og du brukar 15-30 min. Vegen er merka med blått.
Det er berre å følgje traktorvegen til endes.
Det er ei fin trapp rett før ein kjem opp.
Ved Hovland kan du gå opp vegen som du går opp på Lifjellet. Når du kjem opp over grinda, ser du ein sti til venstre. Denne vegen er ikkje merka.
På Risnes går du stien opp mot Risnesnipa til du kjem til eit lysegrøne merke.
Då kan du følgje dei merka til Bjørnemyra. Oppå Bjørnemyra kan du fortsette med blå merke til stien opp til Risnesnipa.

Namnet
Det er ei segn om Bjørnemyra som fortel at i gamle dagar, rundt 1800 talet, var det ein familie som budde ned under Bjørnemyra. Ja, du kan faktisk sjå murane enno.
Kona var gravid , og ein dag trefte ho ein bjørn der oppe. Ho la på sprang, og kom seg i tryggheit. Det vert fortalt at bjørnen brukte å slå i hel gravide og åt opp fosteret. Etter den dagen fekk Bjørnemyra namnet sitt.

Utsikt
Når du kjem opp, får du ein nydeleg utsikt over grenda Lifjorden og Sognefjorden.
Dette er ei utsikt du ikkje skulle tru var mogleg. Du skulle venta at du var på Risnesnipa.
Bakom Bjørnemyra kan du sjå Lifjellet.

Fjøsen
I en gamle fjøsen der oppe, hadde dei kyrne inn i når dei skulle mjølke dei om sommaren. Kyrene var ofte lenger vekke så dei hadde med seg litt mjøl for å lokke dei inn. Då måtte dei mjølke for hand. Mjølka dei fekk, måtte dei berre på ryggen ned humpete og steinete vegar i ein mjølkeholk som tok 20 liter.

Utstyr
Du behøver ikkje å ha med deg noko som helst på turen, – drikke er det i elva.
Litt turmat kan vere på sin plass, viss du vil. Du kan gå i vanlege joggesko, for det er ikkje blautt nokon plass.

Benken
Der oppe er det ein benk med ei postkase, ogder er det ei trimbok som du kan skrive deg inn i.

Grensesteinen
Den steinen som står der oppe, er freda, for den set grensa mellom Storebakken og Steinteigen, for før låg gardane ikkje så systematisk som dei gjer det no.

CC BY-NC 4.0 Bjørnemyra av john_bårøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: John Gerick Bårøy/2005
Kjelder: Munnlege kjelder: Grethe Johannessen
Kommune: Lifjorden