Sidemeny+

12-test ved GU mai 2005

Posted on 12. mai 2005 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Fyrste pulje har starta.

For å måle oksygenopptaket er elevane på ungdomsskulen med på ein 12-test haust og vår. Elevbedrifta ved GU: Natur, kultur og media EB har rekna litt på denne testen. Sjå heimesida www.naturkunnskap.no

Plassering i kart

Gjennomføringa av testen
Vi har fellesstart, og det er om å gjere å springe lengst mogeleg på 12 minutt. Det er ikkje så mange som kjem over 3000 m på den tida. Det lengste elevane har sprunge er 3400 for gutar og 3000 m for jenter. Av og til slit faktisk gutane med å halde fylgje med dei beste jentene. Då Odd Bjørn Hjelmeset gjekk på ungdomsskulen, var vi ikkje starta opp med denne testen. Alt i ungdomsskuletida viste han gode takter. I 2007 vart Odd Bjørn verdsmeister i langrenn på 50 km. Ein fortent individuell meisterskapstittel i ein alder av 35 år. Han vart intervjuva på japansk og «prøvde » å svare på same språket. Du får dømme sjølv, men ein japansk turist svarte slik, når han vart spurt om han skjønte noko av det Odd-Bjørn sa: «Eg skjønte på langt nær alt. Det var nok ein sjelden japansk dialekt».Til våren 2007 vil vi satse spesielt på denne testen. Det vert knytta teori til kondisjon/helse både i kroppsøvingsfaget og i naturfag. Det er lagt ut ein simulator som du kan planlegge utifrå.

CC BY-NC 4.0 12-test ved GU mai 2005 av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006