Sidemeny+

Trane hekkar i Gloppen.

Posted on 18. apr 2005 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Vaksen, hekkande Trane i Gloppen

18. mai for 9 år sidan vart det observert ei trane i Ryssdalen. Dette vart dokumentert med bilde. Kvart år sidan det, har trana vist seg i Gloppen. Det vart stilt spørsmål om trana kanskje hekka her i kommunen. I 2013 vart hekking nær Sandane dokumentert med bilde av ein traneunge. Trana er utruleg sky i hekkeperioden.

Plassering i kart

Trane (Grus grus)
Han og ho er om lag like store, ca 115 cm lange og eit vengespenn på opp til 222 cm. Fuglen ruvar godt p.g.a. dei lange beina og den lange halsen. Verkar nesten majestetisk når du ser ho spankulere med rolege steg, eller om ho kjem glidande gjennom lufta.
Hals og hovud er svartfarga med raud isseflekk. Du ser og ei kvit stripe langs halsen. Dei indre armsvingfjøra lagar ein hengande strutse-liknande stjert. I flukt blir halsen strekt ut og beina strekkjer ho bakover.
Lyden er kraftige trompetstøyt som ein kan høyre på fleire kilometers avstand.

Hekking
Trane rugar spreidt i Sør- Norge på høgareliggande myrar. Truleg livslangt ekteskap.
To grågrøne eller olivengule egg med raudbrune flekkar blir lagt i eit reir bygt av gras. Rugar i 28-31 dagar av både hann og ho. Etter 10 veker er ungane flygedyktige.
Føde: insekt, sniglar, amfibium og mus. Et også bær, korn ol
Trekkfugl som kjem i april/mai og reiser i august/september til Nordvest- Afrika.

Tranehekking i Gloppen
Fyrste tipset eg fekk om trane i Gloppen, kom frå Lars Bjørkeland i form av eit bilde teke i Ryssdalen i 2005. Kvar vår sidan det har vi observert trane her i kommunen. Sidan både ei og to traner vart sett på bøane etter slåtten, kunne det indikere hekking. Desse tranene hadde alltid ein fin rustbrun farge på ryggen. For å kunne pryde seg med denne fargen, gnir dei seg inn med jernholdig eller leirete myr-vatn i rugeperioden. Traner som ikkje hekkar, manglar brunfargen og fjørdrakta er lys blå-grå.
Frå 2010 har eg hatt turar oppom eit området det er lettast å sjå traner. Sidan dei var i området i både 2010, -11, -12 og 2013, ville ein kanskje få sjå ungar der. I fjor var eg heldig og fekk sjå at den vaksne trana var ute på tur med 2 små ungar.
I år var det tidleg i mai storinnrykk av traner i hekkeområdet. Tidleg om morgonen var det ein flokk på 5 traner som beita på myra. Spesielt ein av fuglane hadde brunfarge på ryggen, så det har sikkert vore hekking der i år og. Eg tok video-opptak av dei 5 tranene då dei gjekk forbi ei song-svane som låg på 4 egg. Tranene kom med sine kraftige trompetstøyt som blanda seg med den klagande songen til smålom-paret som også hekkar i same området.

Myting også her i kommunen.
Alle fuglane må skifte fjør (myting). Trana myter kvart år rett etter hekking. Ho misser då vengefjøra så raskt at ho ikkje kan flyge. I denne perioden gøymer ho seg bort ein stad med god mattilgang og med vern mot predatorar. I hekkeområdet i Gloppen vart det i 2014 funne 40-50 vengefjør etter trane fyrst i juli. Alt tyder på at ho har hekka i området i år og. Om det vert observert 3 (4) traner ilag her i haust, kan de gjerne melde frå til artikkelforfattaren. Det kan tyde på vellukka hekking.

CC BY-NC 4.0 Trane hekkar i Gloppen. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2014
Kjelder: Gyldendals store fugleguide
Kommune: Gimmestad, Rtssdalen, Breim