Sidemeny+

Rossvikheia – rask rute til topps

Posted on 7. apr 2005 by in Landskap

Varden på Rossvikheia. Den mest populære fjelltrimtoppen i Hyllestad.

Nei, dette vert for kort. Ingen skikkeleg fjelltrimtur?. Slike utsegner kjem lett når nokon ymtar frampå om ein tur på Rossvikheia, men kvifor ikkje ha eit mål som dei fleste kan nå ? Og kvifor ikkje gå ein tur der du slepp utrusta deg med ryggsekk full av proviant og kle ?

Plassering i kart

Enkelt utgangspunkt

Rossvikheia ligg 301 meter over havet, og dei fleste startar turen frå toppen på Staurdalssvingane på Rv 607 mot Hyllestad. Femti meter austover forbi eit vegskilt som viser vegen over Akse, er det ei god utkøyring der du kan parkere.No er du alt komen 110 meter over havet, og du ser straks at det er ingen stupbratt klatretur du skal ut på.

Aksevatnet og Staurdalsbrekka

På fylkesvegen står det eit skilt med påskrift «Rossvikheia». Første del av turen går på ein traktorveg over eit beite, og heilt frå starten er det mykje auga kan kvila på. Naturen kring Aksevatnet ein vakker vårdag er eit syn verd. Fuglelivet er rikt og variert, og når dei små holmane kring vatnet får farge av bjørkelauv og vårblomar, kan du mest «ingen stad vakrare sjå».
Nokre hundre meter inne på traktorvegen går han saman med ein parsell av Den Trondhjemske Postvei, Staurdalsbrekka. Denne brattkneika vart i si tid vedikehalden av kystfolket Losna, Skorpa, Porten, Storaker og Nesje så kanskje det ikkje var så rart at dei kunne styre si begeistring for slik ei plikt. Har du med deg fylgjesveinar på turen, høver det godt at nokon tek Staurdalsbrekka på heimturen, og vert plukka opp av sjåføren nede i dalen.

Ein skikkeleg kneik må tolast

Ei høgspentlinje kryssar stien, og no går det jamt oppover. Stien er godt rydda og det trengst om du tek deg tid til å granske vegetasjonen kring deg. Her er sprakekjerr etter sprakekjerr så langt auga kan sjå. Kvarteret seinare er du kjanskje på første toppen, og no er det tid til å nyte utsynet vestover. Åfjorden med kjende fjell på begge kantar kan ved solefall vere ei fargesprakande oppleving. Ein liten pause her kan også ganske enkelt nyttast til å få eit nærare overblikk over nokre garder og grender i Hyllestad, og særleg bruka kring Aksevatnet og Espelandsvatnet.

Jettegryter

Siste etappen inn mot varden på Rossvikheia er mest flat og går over nake fjell, småmyrar og lyngrabbar. Dette er den delen av turen då du kan granska detaljar og fargar: lavarter, plantar, furekrekser i vassjuk jord, steinformasjonar og jettegryter. Ja, litt til venstre for stien finn du jettegrytene, og ei av dei er merka med ein stokk så ho skulle du i alle fall oppdage. Ta deg tid til det !
No ligg varden med trimboka like framfor deg. Faktisk er denne toppen det mest populære turmålet i kommunen vår.
Kos deg, ta fram litt å bite i frå svipptursekken, og du har heller ingen vanskeleg nedtur å kvi deg til.

Så kort til slutt …

Ein typisk tur for både liten og stor, og eit par kvikklunsjar i jakka og lette støvlar er utstyret som trengst. Er du villig til å løyse sveitten i motebakkane og går med raske steg på flatene, kan denne trimøkta vere unnagjort på knappe timen.
God tur !

CC BY-NC 4.0 Rossvikheia – rask rute til topps av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Haukøy - 2005
Kjelder: Infoavis i høve opning av restaurert postveg 26. juni 1993
Kommune: Akse