Opp i røyk
Plassering i kart
Måtte hoppe ut vindauga
Det var Kårfinn Skjeldestad som oppdaga brannen då han jobba på kaien og varsla brannvesenet. Skjeldestad greidde òg å vekkja Erik og Margit Reppen som låg og sov i andre etasje i tårnhuset. Einaste vegen ut var vindauga, så dei måtte hoppe ut. Margit Reppen fekk alvorlege brannskadar og fleire beinbrot, medan mannen hennar berre fekk lettare skadar. Jens Djupevik, som budde på eit loftsrom i tredje etasje, greidde ikkje å komma seg ut og omkom i brannen.
Huset kunne ikkje bergast
Då brannvesenet kom til staden hadde brannen allereie gjort så stor skade at huset ikkje kunne bergast. Heldigvis var det vindstille den natta og ingen andre hus vart råka. Brannårsaka er framleis uviss.
Markant innslag
Tårnhuset i Sogndalsfjøra var eit markant innslag i bygningsmiljøet heilt til brannulukka i februar 1965. Bygget vart reist av den kjende fotografen og gardbrukaren Nils Olsson Reppen i 1892/93.
Brukt som kafé
Sogn Ungdomslag leigde tårnhuset og gjekk i gang med kafè der i 1959. Sognatun Kafé vart mykje nytta som middagskafé av skuleungdom og like før brannen føretok dei ei omfattande utviding. Huset hadde også vanlege husvære og hyblar og vart i tillegg nytta til blodige boksekampar mellom lokale slåsskjemper.
Frå Tårnhus til murkloss
Der Tårnhuset ein gong stod vart det bygd opp att eit nytt bygg. Det er eit trist syn samanlikna med det som eingong var. I den grå murklossen held no blant anna Gullsmed M. Reppen og Sogn Advokatkontor til.
- Huset stod i full flamme då brannvesenet kom til staden
- Tårnhusbrannen er ein av dei mest omfattande i Sogndal si historie. Her ser me brannvesenet i aksjon.
- Tårnhuset før brannen i 1965. I bakrunnen kan du sjå meieripipa.
Opp i røyk av albertineaaberge er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.