Sidemeny+

Neslesommarfugl (Nymphalis urticae)

Posted on 26. apr 2005 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Neslesommarfuglen er ute ein tidleg aprildag

Allereie i frå mars kan vi byrja å sjå neslesommarfuglen. Han vert ofte sett på som årets første sommarfugl, og straks vårsola kjem fram er han ute på vengjene og flyr.

Plassering i kart

Utsjånad
Neslesommarfuglen er kanskje ein av dei som er lettast å kjenne igjen her i landet og blir rekna for å vere ein av våre vakraste dagsommarfuglar.
Vengjene er raudleg brunoransje med mørk ytterkant som har blå flekkar i seg. Lenger inn på vengja er det to små og ein stor svart flekk. Bakvengja har gulkanta svart rotfelt og undersida av vengjene er mørkbrun og svarte.
Sommarfuglen er mellom 4 og 5 cm lang.

Utbreiing og etymologi
Sommarfuglen er vanleg over heile landet, òg i fjella. Han flyr omtrent over alt, men likar seg aller best på kulturmark med nesler og ulike blomar. Han er å sjå i heile Europa og austover til Sibir.
Namnet neslesommarfugl har arten fått fordi larvane lever på nesleplanten.

Levemåte
Neslesommarfuglen har to generasjonar: Dei første sommarfuglane kan vi sjå allereie i frå mars og er vaksne sommarfuglar som har overvintra. Desse sommarfuglaner er på vengjene til ut i mai- juni. I juli vert nye sommarfuglar klekt ut og desse vert på vengjene til september, då dei går til overvintring.
Sommarfuglen overvintrar i uthus, garasjar og på loft i vanlege hus.
Dersom det skjer tempraturendringar over ei tid, kan han tåle nokre kuldegradar, men straks den første vårsola kjem er han på vengjene. Dei som har overvintra legg egg på nesleplanten med ein gong han har byrja å spira.
Sommarfuglen flyr på stadar med masse sol, i hagar, i enger og i skogopningar.

Katrine Viktoria Hole 9B

CC BY-NC 4.0 Neslesommarfugl (Nymphalis urticae) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Katrine Viktoria Hole 9B 2009
Kjelder: Katrine Viktoria Hole 9B