Sidemeny+

Meieriet i Sogndal

Posted on 25. apr 2005 by in Arbeidsliv

Foto: Kristian Sandsmarkcbn

Tidleg bilete av meieriet ein gong på byrjinga av 1900-talet

Trykk her for å vise videoen Meieridrifta i Sogndal har lange tradisjonar. Heilt sidan slutten av 1800-talet har det vore meieridrift i Sogndal. Her skal me ta for oss heile historia frå då og fram til i dag.

Plassering i kart

I 1893 kom det første meieriet i Sogndal dreven av kjøpmann og hotelleigar, D. Danielsen. Det dreiv for det meste med smørproduksjon. Mjølkeleverandørane fekk omtrent 7 øre for literen for mjølk med 3 eller 4 prosent feitt. Danielsen heldt det gåande i ca. 20 år.

Etter kvart blei det behov for eit nytt meieri. Folk var ueinige om det skulle bli bygd, sidan det var så mykje pengar inne i biletet. Den endelege tomta meinte mange at var for dyr. Men det endte likevel med bygging i 1913.

Jens Kvåle og Nils Rutlin var dei førande menn i byggjinga av Sogndal Meieri som synte større livskraft enn dei fleste andre småmeieria som blei opna på den tida.

Dei måtte låne 30 000 kroner for å få det bygd. Til hjelp blei 12 bønder i Sogndal spurt om å vere kausjonistar for å få lån frå banken.
Sjølv om 30 000 kroner var særs mykje pengar på denne tida var det ikkje nok. Dei mangla ytterlegare 10-12 000 kroner. Nils Rutlin skaffa desse pengane av eiga kasse, sikkert med god hjelp av onkelen som var bisp på den tida.

I 1913 sto meieriet ferdig, det flottaste i Sogn og Fjordane på den tida. Det første meieribygget var 16m langt, 11 m breidt, 6,20m høgt og vart laga av sementstein. I første etasje var det eigentlege meieriet. Seks av sju rom inneheldt maksiner. Det siste rommet var utsalsrom for dei ferdige produktet. I øverste etasje var det seks bebuelsesrom, osterom, samt kjøkken og spiskammers.

Skulle dei leige det bort eller drive det sjølv? Meieriet var alt frå starten leigd til meierist Thue frå Hardanger i to år. Seinare blei det leigd ut til Kavlid frå Bergen.

Første verdskrig var gode tider for meieria. Mjølkeprisane gjekk opp og dei tente gode pengar, som blei brukt til å modernisere og utvikle meieria. Etter krigen stupte prisane og mange meieri tapte mykje pengar. Meieria hadde ikkje råd til å drive dei sjølv, så mange leigde ut drifta til andre. Dette hadde blitt gjort i Sogndal frå byrjinga. I 1920 kom det eit nytt bygg. Det var 7,60 langt 4,90 breidt og 2,95 høgt. Dette var og dekka med sementstein.

Litt etter dette stoppa leigaren drifta fordi det var så låge prisar på mjølk, og dei kom i ei vond knipe. For ikkje å miste mjølka heilt, underskreiv alle bøndene som var med i meieriet på å levere all mjølk som ikkje blei brukt sjølv.

Arbeidstida på denne tida vara normalt frå 05.30 til 16.00. Men på dagar med ekstra stor mjølkemengder, kunne dagen vare frå 02.30 til 21.00.

Den 1.1.1953 fekk meieriet namnet Sogn Meieri og blei overteke av Indre Sogn Meierilag.

I 1972 slo Årdal, Sogn og Vik Meieri seg saman og danna Sognemeieriet. Det store meieriet i Årdal blei nedlagt og alt utstyret blei flytta til Sogndal.

2. desember 1996 opna Sogn og Fjordane Meieri i Byrkjelo, samstundes med at Sogndal og Gloppen blei nedlagd. Arbeidsplassar blei borte og det fekk store verknadar for Sogndal.

No er det ikkje lenger meieri i Sogndal, sjølv om det fortsatt heiter Meieriet. Studentsamfunnet i Sogndal har no teke over Meieriet og har gjort det om til ein utestad. Det vert arrangert konsertar, disco og andre festlegheitar.

CC BY-NC 4.0 Meieriet i Sogndal av albertineaaberge er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Sogndal
Kjelder: "Soga åt Sogndal Meieri - i tida til 1913 til 1953" av Ivar O. Skjeldestad "Etablering av Sogndals-meieriet - bakgrunn og motivasjon" av Kariann Grinde
Kommune: Sogndal Meieri